Hopp til innhold

Stigen som skulle redde liv vart ei brannfelle

Heilt tilfeldig oppdaga huseigar at brannstigen ikkje kunne løysast ut. Ein fastrusta splint hindra stigen i å virke som den skulle. I ein brann kunne det blitt fatalt.

Tobarnsfar Stig Bjarne Larsen kan ha redda liv da han la merke til den rustne splinten i brannstigen

Tobarnsfar Stig Bjarne Larsen kan ha redda liv da han la merke til den rustne splinten i brannstigen. Her har han sat inn ein ny, rustfri splint. 

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det var då tobarnsfar Stig Bjarne Larsen skulle male huset, at han oppdaga den rustne splinten. Han prøvde å drage den ut, men splinten som skal løyse ut brannstigen ville ikkje ut.

– Så då måtte eg fram med ei tang for å få den ut. Det var heilt umogleg å få han ut med fingrane, fortel Larsen.

Vi måtte ha hoppa ut. Det er no nokre meter, så eit par beinbrot kanskje?

Stig Bjarne Larsen

Dersom det hadde blitt brann i underetasjen, hadde ikkje Larsen fått familien ut frå andre etasje. Stigen som er montert for å redde liv, vart ei brannfelle.

Gløymer å kontrollere utandørs

– At ein ikkje får ut ein splint som er vesentleg for å få stigen til å fungere er urovekkande. Om ein møter slike hindringar i ein rømmingssituasjon blir nok stressnivået rimeleg høgt og det kan ende katastrofalt, seier John Normann Pettersen, leiar for førebyggande brannvern ved Herøy brann og redning.

At rømmingsvegen hadde blitt ubrukeleg skremmer brannvesenet. Pettersen seier at mange er flinke til å sjekke utstyr som er innandørs, men gløymer det som er på utsida.

John Normann Pettersen og Stig Bjarne Larsen ved brannstigen

John Normann Pettersen, leiar for førebyggande brannvern ved Herøy brann og redning sjekkar ut brannstigen til Larsen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ei undersøking gjennomført av TNS Gallup i 2016 viser at berre 6 prosent av dei spurte barnefamiliane har testa ut rømmingsvegar og gjennomført brannøving.

Kan bli fatale konsekvensar

Brannstige er noko ein reknar med verkar, men dette viser at det skal ein ikkje ta for gitt.

– Dersom det hadde begynt å brenne i huset deira og brannstigen ikkje kunne løysast ut, så kunne konsekvensane ha vore fatale. Det er lett å tenkje seg, seier Sigmund Clementz, kommunikasjonsrådgjevar i If Skadeforsikring.

Brannstige

Her er den rustne splinten som sett fast i stigen. Den er no skifta ut. 

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det bekymrar selskapet at mange ikkje sjekkar brannstigane rundt om, slik at dersom det er noko feil på brannstigen, så kan folk oppdage det først når det byrjar å brenne.

– Om du gjer det ein gong i halvåret eller ein gong i året spelar ikkje så stor rolle. Det viktigaste er at du er bevisst på det og at du gjer det jamleg, seier Clementz.

Måtte ha hoppa ut av vindauget

Larsen fryktar det som kunne ha skjedd dersom det faktisk hadde oppstått ein brann.

– Vi måtte ha hoppa ut. Det er no nokre meter, så eit par beinbrot kanskje?

Brannstige ble brannfelle

Stig Bjarne Larsen trur han hadde brekt nokon bein dersom han og familien skulle ha hoppet ned frå vindauget i ein eventuell brann. 

Foto: NRK

Det er første gong Larsen har prøvd å ta ut splinten frå stigen. Han har sjekka brannvarslarar og brannsløkkingsapparat, men ein stige har han aldri tenkt på før no.

– No har eg bytta ut den rustne splinten med ein rustfri, så då er det ordna. Det er kanskje litt flautt. For eg burda ha sjekka det. Men eg trur der er mange som meg som berre går utifrå at det skal fungere, seier Larsen.