Hopp til innhold

Mann (36) omkom etter å ha falle frå Skarfjellet

Ein mann omkom etter å ha falle under fjellklatring på Skarfjellet på Nordmøre laurdag ettermiddag.

Redningsaksjon

Fleire helikopter var i aksjon under redningsaksjonen ved Skarfjellet i Sunndal.

Foto: tipser

Det melder politiet i Møre og Romsdal søndag ettermiddag. Pårørande er varsla.

Operasjonsleder John Trygve Bratland

Operasjonsleiar i politiet, John Bratland.

Foto: Politiet

Mannen (36), som var utanlandsk statsborgar, var busett i Romsdal.

– Vi har oppretta ei undersøkingssak og ulykka blir etterforska vidare over helga, seier John Bratland, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK søndag.

Var på tur då han fall

Store styrkar blei varsla etter at ein person hadde falle frå Skarfjellet i Innerdalen i Sunndal laurdag ettermiddag. Politiet blei varsla klokka 16.15 om det som blir omtalt som ei klatreulykke.

– Det ser ikkje bra ut, personen er truleg hardt skadd, sa operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Møre og Romsdal politidistrikt laurdag ettermiddag.

Søndag kan politiet opplyse at mannen omkom i ulykka.

Tove Anita Asp

Operasjonsleiar Tove Anita Asp ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mannen var på tur saman med ei kvinne då han skal ha falle. Det var kvinna som melde frå til naudetatane om ulykka. Ho skal ifølge politiet vere fysisk uskadd og blei henta ut frå fjellet laurdag kveld.

Mannen, som døde av skadane han fekk i fallet, blei også henta ut laurdag kveld. Det er så langt uklart kor langt mannen skal ha falle.

Erfarne klatrarar

Måndag seier politiet at dei to klatra i eit område med ein del lausmasse.

– Men dette er ei kjent klatrerute og dei er erfarne klatrarar og kjente folk i klatremiljøet, seier Olav Gjøvik i politiet måndag.

Dei to klatrarane skal vere i 30-åra og busette i Noreg.

Redningsaksjon ved Skarfjellet

Dei to klatrarane blei henta ut frå fjellet laurdag kveld.

Foto: tipser

Stor aksjon

Eit augevitne på staden fortel at turfolk skal ha møtt dei to klatrarane på veg opp til fjellet laurdag morgon. Nokre timar seinare gjekk det gale.

Politiet fekk melding om ulykka like etter klokka 16.00.

Redningshelikopter og luftambulanse var laurdag til stades ved fjellområdet. Den alpine redningsgruppe blei også varsla og deltok i redningsarbeidet, meldte Hovudredningssentralen.

Populært fjell

Fjellområdet i Innerdalen på Nordmøre har vore ei leikegrind for kjende norske klatrarar, og blir omtalt som ein klassikar med dei markante fjellformasjonane.

Skarfjellet

Skarfjellet i Sunndal er eit populært område for klatrarar.

Foto: tipser

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL