NRK Meny
Normal

Eidsdal og Norddal kan gå over til Stranda

Eit stort fleirtal av innbyggjarane i dei to bygdene ynskjer ei utgreiing om å bli ein del av Stranda kommune.

Eidsdal

Eidsdal høyrer til Norddal kommune, men i framtida kan det bli ein del av nabokommunen Stranda.

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland

I dag høyrer bygdene Eidsdal og Norddal til Norddal kommune, men mange trur det kan vere ein fordel å vere ein del av turistmagneten Gerianger som ligg i Stranda kommune. Tidlegare varaordførar i Norddal, Merete Løvoll Rønneberg, er ein av som har tatt initiativ for å få avklart om dei to bygdene kan vere tent med å skifte kommune frå Norddal til Stranda. Dei ynskjer eit felles møte med dei to kommunane.

– Innbyggjarane i dei to bygdene ynskjer å sjå på alternativet og meiner at i prosessen med kommunereform, er dette eit naturleg alternativ, seier Rønneberg.

Merete Løvoll Rønneberg

Merete Løvoll Rønneberg er ein av initiativtakarane til møte mellom Norddal og Stranda.

Foto: Storfjordens Venner

Misnøgde

Ei undersøking blant bygdefolket viser at eit stort fleirtal ynskjer ei utgreiing.

Medan nokre av dei er misnøgde med Norddal kommune, er det andre som har heilt andre grunnar for å sjå til Stranda. Dei ser potensiale og nye moglegheiter for å vekse næringsmessig dersom dei er i sameining med Geiranger.

Tar henvendinga seriøst

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), er positiv til forslaget.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), er positiv til henvendinga.

– Det er interessant både reint politisk og når det gjeld samhandling mellom kommunane. Vi kjem til å handsame saka seriøst, seier Tryggestad.

I dag er det ofte stor rasfare mellom Eidsdal og Geiranger, men Tryggestad trur at når tunnelen er på plass, opnar det opp for nytenking.

Open for fleire løysingar

Ei framtidig rassikring av fylkesvegen er også en viktig faktor Merete Løvoll Rønneberg fordi det vil skape tettere kontakt mellom bygdene sør for fjordane. Men hun er open for fleire løysingar.

– Det kan hende vi ser at vi er betre tent med å gå mot Stranda, men det kan også vere ende med at Geiranger går til Norddal. Eller at Stranda og Norddal slår seg saman, seier Rønneberg.