Hopp til innhold

Eide vil vente

Politikarane i Eide vil truleg vente med å avgjere om dei i framtida skal høyre til Nordmøre eller Romsdal til arbeidet med kommunereforma er ferdig.

eide mot nordmøre eller romsdal

Egil T. Ekhaugen

Egil Ekhagen i Arbeidarpartiet i Eide meiner det er for tidleg å velje region no.

Foto: Privat foto

Rådmannen ønskjer alt no at kommunen skal melde seg ut av regionrådet på Nordmøre, men halde fram som medlem av rådet i Romsdal.

Eit slikt vegval kan vi ikkje ta no, meiner Arbeidarpartiet sin gruppeleiar i Eide, Egil Ekhaugen.

– Eg tykkjer at rådmannen med det forslaget forskotterer ein prosess som eg meiner Eide politikarane, og folk elles, ikkje har fått lov til å jobbe seg gjennom, seier Ekhaugen.

– Eg kjem difor til å gå for at denne saka blir utsett eller trekt, held han fram.

Ikkje rett tid

Ekhaugen meiner det noverande tidspunktet ikkje er rett tid for å ta denne avgjerda.

– Spørsmålet om kva slags framtidig kommunestruktur vi skal ha skal gjennom ein spennande prosess i alle kommunane i Møre og Romsdal, også i Eide, seier han.

Rådmannen i Eide vil at kommunen skal melde seg ut av regionrådet på Nordmøre, men halde fram som medlem av regionrådet i Romsdal. Han meiner det kostar for mykje og at det er for tidkrevjande å vere med i begge regionråda.

Nordmøre eller Romsdal

Ove Silseth

Ordførar Ove Silseth (H) i Eide er samd i at kommunen bør vente med å avgjere kva region dei skal tilhøyre

Foto: Høgre

Ordførar Ove Silseth frå Høgre støtter rådmannen i dette, men meiner det er fornuftig å vente med ei avgjerd om ein skal orientere seg mort Nordmøre eller Romsdal.

– Dersom vi vel ei retning no så betyr det at vi må starte ei utgreiing, og frå mitt syn blir det feilaktig, seier Silseth.

På spørsmål om Eide vil vende seg mot Romsdal eller Nordmøre svarar ordføraren følgjande.

– Vi er jo født i Nordmøre, og det er der grensa går på kartet, så sann sett er vi ein Nordmøreregion, seier Silseth.

– Men dersom vi ser på handlestrukturen, skuletilhøyrsle og pendle mønster, så er det i stor grad Molde vi føler tilhøyrsle til, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL