NRK Meny
Normal

Trur på E39-avgjerd før påske

Statssekretær Bård Hoksrud i Samferdsledepartementet seier ei avgjerd kring framtidig E39 kan kome før påske.

Bård Hoksrud

Statssekretær Bård Hoksrud (FrP) seier det vert jobba hardt for at val av trasé for E39 gjennom Nordfjord og Sunnmøre er gjort til påske.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

– I utgangspunktet har vi no det vi treng for å kunne ta ei avgjerd, seier statssekretær Bård Hoksrud i Samferdsledepartementet.

Hoksrud seier at ein no jobbar så raskt som mogleg for å kunne bestemme kvar ein framtidig E39 skal krysse Storfjorden på Sunnmøre og Nordfjord slik at bygginga av ein ferjefri E39 kan kome igang.

– Det er litt farleg å love at avgjersla er klar innan påske, for plutseleg skjer det eitt eller anna. I innspurten no kan det dukke opp spørsmål ein må avklare. Men eg håpar og trur at vi raskt kan få dette på plass, og at det kanskje er mogleg før påske, seier han til NRK.

Statssekretæren tek altså atterhald om at vegvalet er klart til påske, men legg vekt på at det er mange som ventar og at det er viktig å gi folk ei endeleg avgjerd.

LES OGSÅ: Held fast på at indre blir seks milliardar kroner billegare.

– Har venta i mange år på ei avgjerd

– Fagfolka som har rekna på kostnadene kring dei ulike alternativa for trasé er snart ferdige med jobben, seier Hoksrud.

Det som ifylgje statssekretæren no står att er dei formelle prosessane i regjeringsapparatet samt gjennomgåing av dei siste dokumenta.

– Kjem den politiske avgjerda i regjeringa til å ta tid?

– Eg håpar jo ikkje det. Vi har ein ambisjon om å gjere dette så raskt som mogleg fordi vi veit at det er eit kjempestort engasjement rundt valet av trasé. Dessutan har folk venta i mange år på å få ei avgjerd, og denne regjeringa har sagt at den vil kome med ei avgjerd raskt.