Hopp til innhold

Held fast på at indre blir seks milliardar kroner billegare

Statens vegvesen held fast på at framtidig E39 gjennom ein indre trasé blir seks milliardar billegare enn midtre trasé.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIVA: Det er stor usemje om framtidig E39 skal gå via indre eller midtre trasé i Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Sunnmørsposten skriv av vegvesenet har fått hjelp av SINTEF og fleire miljø innan bruplanlegging til utrekningar.

Då samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen var på E39-synfaring i januar, sa han at nye reknemetodar for samfunnsnytte måtte brukast når ein skal avgjere kvar traseen skal gå. Då sa han at ein burde sjå langt fram, gjerne så lenge som 75 år.

Har sett på 40 og 75 år

Vegen gjennom Stryn med den ferdigbygde Kvivsvegen, vil koste om lag åtte milliardar kroner frå Skei til Ørstafjorden, skriv Fjordingen. Til samanlikning vil midtre linje med bru Anda – Lote og bru over Austefjorden i Volda koste 12 milliardar. Den midtre linja med bru nærare Folkestad, kjem på totalt 14 milliardar kroner.

Forskjellen mellom sistnemnde alternativ og indre linje blir dermed på seks milliardar kroner. Vegvesenet har også rekna på samfunnsnytten. For Skei - Volda kjem indre linje best ut i eit 40-års perspektiv. I eit 75-årsperspektiv er det midtre med bru aust for Folkestad som kjem best ut.

Meiner indre er styrkt

Fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal smeiner eit traséval for E39 gjennom Nordfjord via Stryn er styrkt etter desse tala. Han seier skilnaden er større enn venta.

– Eg visste skilnaden var stor, men seks milliardar var meir enn det eg hadde trudd, seier Aasen til NRK.

– Dersom midtre trase blir valt med ein slik differanse, kva seier du da?

– Då har det vore berre spel for galleriet. Men eg har ikkje slik mistru, verken til departement, direktorat eller at vegvesen dei set i gang eit slikt stor utrekning og så legg dei det i skuffa, seier han.