E39 er open igjen

E39 ved Vartdalsbrua er open igjen etter ei trafikkulykke tysdag ettermiddag, melder Statens vegvesen. Ein ung motorsyklist er sendt til sjukehus med helikopter etter å ha køyrt inn i ein bil, opplyser politiet. Det var ei stund køar på begge sider av ulykka.