Ole Jakob Skeie, som er leiar i Asker lokallag av Norsk forbund for utviklingshemmede, oppmodar alle til å sende inn ein protest mot at dei psykisk utviklingshemma ved Prestmarka Produkt i Skodje kan miste løna si.
Skeie seier han er sterkt engasjert i at psykisk utviklingshemma skal ha ei skikkeleg oppmuntringslønn og at dei bør få eit tarifftillegg kvart år på same måte som andre kommunalt tilsette.
Landskjend historie
Historia om dei psykisk utviklingshemma som miste timelønna si på seks kroner har gått landet rundt. På budsjettmøtet i desember vedtok eit samrøystes kommunestyre å fjerne lønna på seks kroner timen til dei 20 brukarane — for å spare 150.000 kroner.
Brukarane på Prestemarka produserer varer for omlag ein halv million kroner i året, blant anna som underleverandør til møbelindustrien. Saka skal no behandlast på nytt etter den sterke kritikken av vedtaket.
– Håpar e-postsystemet knelar
Ole Jakob Skeie kan fortelje at i Asker er lønna for dei utviklingshemma på 12 kroner timen, og at den er omlag det same i Bærum. No håpar han at e-postaksjonen vil virke og at ordføraren får så mykje e-post at kommunen sitt e-postsystem knelar. Skeie seier han også håpar dei på den måten skjønar at dei er på ville vegar og i det minste opprettheld løna på seks kroner timen.
Ordføraren har foreslått å bruke pengar frå kraftfondet til lønn. Saka skal opp i formannskapsmøtet 19. april.