Hopp til innhold

– Vi går inn i ein av dei tøffaste periodane i nyare tid

Ulstein Group hadde ei omsetting på 2,7 milliardar kroner og eit driftsresultat på 184 millionar kroner i 2014. – Det er gledeleg å kunne levere gode tal for fjoråret, men no går vi tøffare tider i møte, seier konsernsjef Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein

Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, seier at marknaden har falle og at det vil bli stilt krav til omstilling og endringsvilje.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Sjølv om Ulstein har gode tal for 2014 seier konsernsjef Gunvor Ulstein at 2014 og tidlegare gode år er historie.

– No står vi her i dag og ser framover, og då er det både store utfordringar, men også moglegheiter, seier ho.

Marknaden har falle og det vil bli stilt store krav til omstilling og endringsvilje.

– Eg trur at den perioden vi er på veg inn i, blir ein av dei tøffaste periodane i nyare tid. Men det som gir meg håp, er at næringa er omstillingsdyktig. Det har vi vist før, og det kjem vi til å vise igjen, seier ho.

Ulstein seier at dei er i prosessar med dei tilsette, men vil ikkje seie noko om situasjonen i næringa kan føre til nedbemanning hos Ulstein Group.

– Vi kjem til å ha sterk fokus på prosjektleiing og auka produktivitet, samtidig som vi må tilpasse oss eit konkurransedyktig kostnadsnivå. Vidare vil vi halde fram med å satse på innovasjon innanfor konsernet sine produkt- og tenesteporteføljer, seier ho.

35 skip under bygging

Marknaden for design- og utstyrspakkar var god i 2014, og Ulstein inngjekk kontraktar på bygging av designa sine ved fleire verft rundt om i verda, og ved eige verft i Noreg, skriv bedrifta i ei pressemelding. Ved utgangen av året hadde Ulstein Design & Solutions ei ordrebok på leveransar til 35 skip, fem vert bygde ved Ulstein Verft.

Ulstein Verft leverte mellom anna to prestisjeprosjekt i 2014. Konstruksjonsfartøyet Polar Onyx vart levert i januar og Island Performer i juli. Begge fartøya er klassifiserte som neste generasjons konstruksjons-/subseafartøy, med ei rekkje sikrare, smartare og grønare løysingar, står det i pressemeldinga.

– Høg kompetanse, lang erfaring og god prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip av denne typen til rett tid, til avtalt kvalitet og pris, seier Ulstein.

Ulstein lanserte i 2014 X-stern, ei ny utforming av skipet sin akterende. Eit skip med denne utforminga kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold.

Kan ikkje satse berre på fornybar energi

I 2014 vart det investert 184 millionar kroner på forsking og utvikling i Ulstein.

Ulstein seier at dei skal halde fram å satse innanfor olje og gass.

– Verda treng energi, og fornybar energi er enno ikkje kome langt nok til å ta over for olje og gass, seier konsernsjefen.

Men ho seier og at dei skal vidareutvikle seg innanfor fornybar energi.

– Vi har akkurat inngått to kontraktar til offshore vindmarknaden. Men der er mange energiberarar i havromet som vi må bruke i ei utfordrande periode til å finne meir ut av.

Det er også visekonsernsjef Tore Ulstein oppteken av.

Tore Ulstein

Visekonsernsjef i Ulstein, Tore Ulstein, seier dei satsar på fornybar energi.

Foto: Trond Vestre / NRK

Berekraftig vekst ligg til grunn for utviklinga vidare i Ulstein. Vi har tidlegare også utvikla og levert skipsdesign innanfor fornybar energi. Vi ser fram til å ta nye steg, kome med nye innovasjonar og bli ein endå viktigare aktør innan dette området, seier visekonsernsjef Tore Ulstein.

Ved utgangen av 2014 var ordreboka på 2,70 milliardar kroner i Ulstein Group.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL