Ingen personar skal vere skadd etter at eit tak delvis har kollapsa i Elnesvågen.
Det var mellom 10 og 15 kyr i fjøset. Alle er uskadde, utanom ein mindre kuttskade på ei av dei, ifølgje brannvesenet.
Dei er på staden og har jobba med å berge ut dyra og plassere dei på eit jorde.
– Det var litt vanskeleg, for dei ville ikkje ut, så vi jobba litt for å få dei ut. Vi har heldigvis avløysarar som brannfolk, seier Kent-Ronny Hammerø, innsatsleiar i brannvesenet.
Brannmannskap har fått ut dyra frå fjøset.
Foto: Roar Strøm / NRKStore snømengder
Han fortel at det er dei store snømengdene og tyngda på snøen som er hovudårsaka til at taket kollapsa.
– Huffamei, det er noko drit. Men det ser ut som dei trivst ute på snøen, seier bonde Jan Ingvard Tornes.
Snart skal også kyrne kalve.
– Det skal ganske fort skje. Det er ikkje noko anna å gjere, det er frykteleg tyngde på snøen oppå der, seier Tornes.
Han må avbryte intervjuet med NRK for å stanse nokre kyr som vil inn i låven igjen.
Det var store mengder snø på taket til fjøset som kollapsa.
Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRKGarden ligg i Farstadvegen i Elnesvågen i Hustadvika kommune.