Drapsdømd trekkjer anke

Mannen som blei dømd etter knivdrapet på Robin Andre Svendsen (29) i Ålesund i fjor vår, har trekt anken. Mannen blei dømd i tingretten i haust, og anka på staden, men har altså no trekt anken. Dommen på 12 1/2 års fengsel blir dermed ståande. Ankesaka skulle etter planen starte neste veke.