Det var like før klokka 16.00 fredag at to bilar var involvert i ei trafikkulykke på fylkesveg 640 i Stordal i Fjord kommune på Sunnmøre. Alle naudetatane rykte ut til staden.
Totalt fem personar var involvert i ulykka. Tre personar blei sendt med luftambulanse til sjukehus etter møteulykka. Helse Møre og Romsdal kunne seinare opplyse at tilstanden var kritisk for ei alvorleg skadd kvinne i 40-åra. No opplyser politiet at kvinna har døydd av skadane ho fekk i ulykka.
Tre barn skadd i ulykka
I tillegg ligg eit barn på sju år alvorleg skadd ved St. Olavs hospital i Trondheim. Barnet skal vere klinisk stabil og får behandling ved sjukehuset. Det opplyser politiet.
To barn i tenåra blei lettare skadd i ulykka. Dei er innlagd ved Ålesund sjukehus.
Blir etterforska av politiet
Kriminalteknikarar frå politiet og Statens ulykkesgruppe gjorde undersøkingar på ulykkesstaden på fredag. Vegen var stengt i fleire timar som følgje av dette.
Politiet skal etterforske ulykka vidare. Det er så langt uklart kva som var årsaka til ulykka.