Hopp til innhold

Dømt til fengsel etter ulykke

Tre menn frå Nordmøre er dømt etter ei trafikkulykke i januar i fjor. Alle var ifølge dommen påverka av alkohol då ulykka skjedde. Bilføraren, ein mann i 20-åra, blei alvorleg skadd i ulykka, og dei to mannlege passasjerane er dømt til 45 og 36 dagars fengsel for ikkje å ha hjelpt føraren etter ulykka. Ifølgje dommen frå Nordmøre tingrett ser retten det som graverande at dei to forlèt staden, og at det var tilfeldig at mannen overlevde. Føraren er dømt til 27 dagar fengsel på vilkår, og mistar førarretten i tre år.