Hopp til innhold

Tok kvelartak på sambuaren sin

Ein mann busett på Sunnmøre er dømt til fengsel i eitt år og ni månader for gjentatte tilfelle av vald mot den tidlegare sambuaren sin.

Ålesund politistasjon

Kvinna blei utsett for gjentatt vald over ei periode på 14, månader og skal også ha frykta for livet sitt.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det går fram i ein dom frå Sunnmøre tingrett.

Mannen i starten av 20-åra har utanlandsk statsborgarskap, men har budd i Noreg dei siste seks åra.

Gjentatt vald

Mannen er dømt for fleire tilfelle av vald, dei fleste av dei mot den tidlegare sambuaren sin. I dommen frå Sunnmøre tingrett står det at kvinna blei sporadisk utsett for vald frå mannen, først i mindre grad og så stadig aukande. Valden blei også stadig grovare. Dette skal ha gått føre seg over ein periode på 14 månader. Dei siste vekene før forholdet tok slutt blei kvinna utsett for vald om lag anna kvar dag, går det fram av dommen.

Mannen skal mellom anna ha lugga, skubba, sparka og slått kvinna ulike stadar på kroppen, både med flat og knytt hand. Den eine gongen skal han ifølge dommen ha lugga kvinna så hardt at ho fekk eit hårlaust område på hovudet.

Ved fleire anledningar skal han også ha kasta ting etter ho og knipe henne. Han skal også ha tatt kvelartak på sambuar ein rekke gonger. Ved eit tilfelle fekk ho ei kløyvd leppe som følgje av valden. Ho skal også ha fått eit arr i ansiktet etter at mannen kasta ei tunfiskboks rett i ansiktet på ho.

Valden og trakasseringa starta ofte ved at tiltalte irriterte seg over små ting, står det i dommen.

– Valden og krenkingane kom som ofte som eit resultat av at mannen hadde hatt ein dårleg dag.

Frykta for livet sitt

Ifølge dommen var mannen også svært kontrollerande mot kvinna og ville mellom anna ha tilgang til mobilen hennar. Kvinna blei prega av sterk angst for kva mannen kunne utsette henne for, og skal ha frykta for livet sitt.

Kvinna utvikla ei konstant frykt for å reise frå arbeid og til sin eigen heim, då ho aldri kunne vite kva slags humør mannen var i. I ettertid har ho slite med posttraumatisk stress som følgje av valden og trakasseringa ho blei utsett for.

I rettsdokumentet går det fram at mannen fleire gongar beklaga valden han hadde utsett henne for. Han innrømte også overgrepa. Mannen forklarte også at manglande sinnemeistring måtte sjåast i samanheng med påkjenningar under oppveksten i heimlandet. Han har også gått til behandling for narkotikaproblemet sitt.

Slo politibetjent

Mannen blir også dømt for å ha slått ein politibetjent i ansiktet nyttårsaftan 2016. Politiet blei tilkalla etter meldingar om ein høglydt krangel og mogleg vald mellom mannen og hans dåverande kjæraste. Då politiet prøvde å ta forklaring frå mannen oppførte han seg vanskeleg og aggressiv. Då politiet prøvde å få kontroll på mannen slo han politibetjenten i ansiktet med knytt hand.

Mannen blei dømt til fengsel i eitt år og seks månader. I tillegg må han betale ei erstatning på 40.000 kroner til den tidlegare sambuaren sin.

Han blir også dømt for narkotikabruk og oppbevaring av narkotiske tablettar.