Hopp til innhold

Skulle hente kona si på Gardermoen – blei tatt i promillekontroll

Ein mann må i fengsel etter at han køyrde frå Sunnmøre til Austlandet med høg promille.

Sunnmøre tingrett

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 21 dagar etter ei fyllekøyring i juli i fjor.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det var i juli i fjor at mannen i midten av 70-åra var på veg til Gardermoen for å hente kona si. Dei skulle deretter hente ei campingvogn før dei returnerte heim til Sunnmøre.

På Dombås blei mannen stoppa i ein promillekontroll og måtte gjennomføre ei blåseprøve. Denne gav utslag om mannen blei difor frakta til næraste lensmannskontor for nærare prøver. Den viste ifølgje dommen ei påverking på 0,74 milligram per liter luft.

Mannen forklarte i Sunnmøre tingrett at han hadde drukke sju halvliterar med øl kvelden før, men at han hadde slutta å drikke klokka 23.00. Han hadde så stått opp klokka 04.00, dusja og ete frukost før han sette seg i bilen.

Han hadde følt at forma var bra, og forklarte at han ikkje tenkte på at han hadde drukke kvelden før. Ifølgje dommen skal mannen også ha vore overraska over at måleresultatet var så høgt.

Stort farepotensiale

Sunnmøre tingrett såg det som spesielt skjerpande at mannen skal ha køyrde ei lang periode med høg promille.

– Sjølv om det ikkje er rapportert om farlege situasjonar undervegs, og det normalt vil ha vore lite trafikk på denne tida av døgnet, vil farepotensialet både for den sikta sjølv og andre medtrafikantar vere stort, står det i dommen.

Retten såg på det som formildande at mannen erkjente straffskuld for forholdet, og at saka har hatt lang liggetid, noko som har vore ei belastning for mannen.

Mannen blei til slutt dømt til fengsel i 21 dagar, og ei bot på 24.000 kroner. Mannen mister også førarretten i to år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL