Hopp til innhold

Utsett for gjentatt vald i 12 år

Ein mann i starten av 60-åra er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i eitt år og sju månadar for gjentatt vald mot sambuaren.

Norges lover

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til eitt år og sju månadar fengsel for gjentatt vald mot sambuaren sin i ei årerekke.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

I løpet av ei periode på 12 år skal mannen frå Sunnmøre ha utøva vald mot sambuaren sin ved fleire anledningar. Det skal handle om spark, slag, kloring, skubbing, lugging og klyping. Det går fram av dommen frå Søre Sunnmøre tingrett.

Dei to skal ha vore kjærastar sidan 2000 og sambuarar dei siste 12 åra.

Mannen erkjente seg ikkje skuldig under hovudforhandlingane i november.

Fleire episodar over ein rekke år

Politiet har ved fleire anledningar rykka ut til bustaden til sambuarparet etter meldingar om vald. I dommen blir det vist til fleire tilfelle der mannen i 60-åra skal ha vore valdeleg mot sambuaren sin.

På eit tidspunkt skal tiltalte og den fornærma ha vore på veg heim frå fest då det oppstod ein krangel mellom dei to. Fornærma hadde oppført seg provoserande ovanfor tiltalte, og tiltalte bad sjåføren på bilen hans om å stoppe bilen. Då bilen stoppa gjekk tiltalte ut av bilen, reiv opp døra og drog fornærma ut av bilen og slengde henne i asfalten. Når fornærma så strakk handa inn i bilen for å få tak i veska si, smelte tiltalte bildøra igjen slik at den klemte handa til den fornærma.

I dommen står det mellom anna at den fornærma sjølv skal ha ringt til politiet 10 gongar i løpet av perioden 2003–2013. I tillegg har politiet blitt kontakta av kvinna sin bror, ei venninne og legevakt med opplysningar om at tiltalte skal ha skada henne.

I retten vart det også lagt fram dokumentasjon frå sjukehuset på ein rekke skader mannen skal ha påført kvinna.

Kvinna har seinare trekt tilbake skuldingane mot den dømte både i eit brev til politiet i 2015 og i etterfølgande politiavhøyr, men ut ifrå bevisa i saka valde retten å sjå vekk frå dette og meinte det var bevist utover ein kvar tvil at det har vore mykje bråk og uro mellom sambuarparet gjennom fleire år.

Lang liggetid hos politiet

Retten ser det som formildande at saka har hatt lang liggetid hos politiet og at det har vore ei belasting både på fornærma og den tiltalte.

Mannen vart til slutt dømt til fengsel i eitt år og sju månadar, der sju av månadene er med vilkår og med ei prøvetid på to år.

60-åringen må også betale 10.000 kroner i sakskostnadar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL