Hopp til innhold

Dømt for å ha utnytta ei ung jente i ein sårbar situasjon

Ein mann i 40-åra er i Sunnmøre tingrett dømt til fengsel i seks månader for å ha hatt samleie med ei jente på 15 år. Retten finn det skjerpande at jenta budde på ein barnevernsinstitusjon og var i ein sårbar situasjon.

Rettsal 2, Sunnmøre tingrett

Saka gjekk for Sunnmøre tingrett.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Dei to kom i kontakt med kvarandre via Facebook omlag eit år tidlegare. Etter at han hadde skrive «utruskap lenge leve» på sin profil, hadde ho tatt kontakt.

Sidan kommuniserte dei på nettet, også om sex.

Mannen hadde vore gjennom ein samlivsbrot, medan jenta ønskte å stikke av frå institusjonen ho budde på. Dei avtalte etter kvart at han skulle komme og køyre henne, men han meiner dei ikkje gjorde nokon avtale om sex som gjenyting.

Køyreturen fekk ein mellombels stopp på ein parkeringsplass, og der stoppa også semja om kva som skjedde og kva slags seksuell kontakt dei hadde.

Medan han forklarte at dei begge berre tok så seg sjølve, sa ho at dei hadde samleie. Retten trur på hennar forklaring, og viser mellom anna til tekniske bevis.

Utnytting

Dom i Borgarting Lagmannsrett.

Retten meiner den store aldersforskjellen er straffeskjerpande.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Dei to er og usamde om han visste, eller burde visst, at ho var under 16 år. Her meiner retten at mannen i 40-åra ikkje har vore aktsom nok.

Han har sjølv fire barn, og dei to eldste på omlag same alder som den fornærma. Retten meiner det er straffeskjerpande med den store aldersforskjellen og at dei svært ulik livserfaring.

Retten er samd med påtalemakta i at handlinga ber preg av utnytting, mellom anna fordi ho som barnevernsbarn var særleg sårbar. Tiltalte er dessutan tidlegare dømt for straffbar handling av same art, sjølv om dette ligg over 10 år tilbake i tid.

Saka blei liggande

Men retten peiker og på at det er formildande at det har tatt lang tid, nærare to og eit halvt år, frå saka blei meldt til den no endte i rettssalen.

Etter ein uttale frå Rettsmedisinsk kommisjon i slutten av 2014 gjekk det eit halvt år før det blei tatt nye avhøyr i saka. Også seinare har saka hatt ei særs svak framdrift, påpeiker retten. Den meiner det tilsaman har vore opp mot eitt år og ti månader med «total inaktiv tid» hos påtalemakta.

Det medfører at totalstraffa blir redusert med tre månader, og blir sett til fengsel i seks månader. Mannen må også betale 70 000 kroner til jenta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL