Retten har ikkje festa lit til forklaringa til den profilerte dommaren Ole Ødegård. Både i politiavhøyr og i retten har han gjentekne gonger sagt at forholdet til elskarinna var over.
Problemet var at han var dommar og ho var oppført som vitne for barnevernet i den samme saka. Privat var dei hemmelege kjærestar. Men då han fekk spørsmål om dette, nekta han altså.
Den løgna må han no betale for med fengselsstraff.
I dommen heiter det: «Det er helt uten troverdighet når tiltalte nå sier at han ikke tenkte på kontakten i 2018-2019 med det innhold og omfang det hadde vært».
– Eg er fornøgd med at han er dømd, sjølv om dommen er noko lågare enn påstanden, seier aktor Benedikte Høgseth.
Ho ba om fengsel i 45 dagar. No er han dømd til fengsel i 30 dagar og til å betale 10 000 kroner i sakskostnder. Høgseth seier ho vil vurdere ankespørsmålet.
Statsadvokat Benedikte Høgseth er aktor i saka.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK– Ingen formildande omstende
Den uvanlege dommen blei avsagt onsdag morgon. Retten konkluderer med at det er vanskeleg å finne samanliknbare saker, og at det ikkje er nokon formildande omstende:
«Det er mulig at tiltalte selv ikke mente at relasjonen deres hadde betydning for habiliteten hans, verken før eller etter 2017, og at han nok kan ha rett i det, men det er ingen formildende omstendighet her».
Ole Ødegård sin forsvarar, Halvard Helle, er opptatt i retten og svarar ikkje på om han er fornøgd med avgjerda. I ei kort tekstmelding skriv han:
«Det vil bli tatt stilling til anke innen ankefristens utløp».
Hordaland tingrett var leia av Håkon Rasum.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRKLa fram 25 datoar og klokkeslett
Sist veke gjekk saka mot Ole Ødegård i retten i Bergen. Den tidlegare elskarinna hans kom inn i rettsalen med ein bunke papir. Herifrå leste ho opp nøyaktig tid og stad for 25 hemmelege møte dei to skal ha i månadene etter at han forklarte for retten at det var over.
Oversikten viser at dei møttest på hotell, i garasjeanlegget på politihuset i Kristiansund og i bilen på ulike parkeringsplassar.
Politiet meiner han med vitande vilje har loge for lagmannsretten – og saka har ei strafferamme på to års fengsel.
– Det er viktig for meg at retten har trudd på det eg har sagt, seier kvinna til NRK.
Parkeringskjellaren her ved Kristiansund politistasjon var ein av møtestadene til dei to hemmelege kjærestane.
Foto: Synnøve Hole / NRK
Risikerer å misse jobben
Domstolsadministrasjonen har det daglege arbeidsgjevaransvaret for dommar Ole Ødegård, som er suspendert. No stadfestar kommunikasjonssjef Yngve Brox at Ødegård kan miste arbeidet permanent.
– Dersom dommen blir ståande må vi be departementet om å gå til avskjedssak, seier han til NRK.
Domstolsadministrasjonen var kjent med politisaka i fleire månader utan å foreta seg noko. Brox vil ikkje svare på kva som er grunnen til det, og viser til at det er ei personalsak.
Kommunikasjonssjef Yngve Brox i Domstolsadministrasjonen seier dei vil be departmentet om å gå til avskjedssak dersom dommen blir ståande.
Foto: Mari Svenning / NRKOle Ødegård skulle etter planen utnemnast til ny toppjobb i Frostating lagmannsrett då saka dukka opp. Det endte med at han trekte søknaden.
Sorenskrivar-kollega Svein Husby i Kongsvinger har kalt saka for ein skandale og uttalt til NRK at dette er svært øydeleggande for tilliten til domstolen og domstolsadminstrasjonen.
Ifølgje Tjenestemannsloven kan en tenestemann miste arbeidet etter å ha vist grov uforstand i tenesten eller bryt med den tilliten som er nødvendig for stillinga.
Dommen er rettskraftig først om to veker når ankefristen er ute.