Hopp til innhold

Dette anonyme varselet kan sende dommaren i fengsel

Den tidlegare sorenskrivaren på Nordmøre skulle utnemnast til ny toppjobb i rettsvesenet. No sit han sjølv på tiltalebenken i Bergen.

Fotomontasje av anonymt varsel
Foto: Fotomontasje

Ole Ødegård sa klart nei på spørsmål om straffskuld då rettssaka mot han starta i Hordaland tingrett tysdag morgon. Saka kan gje Ole Ødegård fengselsstraff og koste han jobben. I ei årrekkje har han vore fungerande politimeister, sorenskrivar og dommar i Møre og Romsdal. I fjor sommar skulle han etter planen utnemnast til ny stilling i Frostating lagmannsrett.

Men så starta politiet etterforsking av påstanden om at Ødegård ikkje snakka sant då han forklarte seg for retten om den tidlegare kjærasten sin.

– Han vedgår ikkje straffskuld, sa Halvard Helle til NRK då tiltalen blei kjent før jul. Han er forsvarar for Ødegård og vil ikkje kommentere tiltalen verken før eller under rettsaka.

Han starta med å be frammøtte journalistar og fotografar innstendig om å la vere å fotografere den profilerte dommaren på tiltalebenken.

Halvard Helle

Halvard Helle er forsvarar for Ole Ødegård.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Les også: Dommar tiltalt for å ha loge om ekskjæresten - no kan han bli dømd til fengsel

Kristiansund politistasjon
Kristiansund politistasjon

Skal lese opp intime meldingar

Denne veka skal Hordaland tingrett ta stilling til om den tidlegare dommaren på Nordmøre snakka sant då han forklarte seg om relasjonen til ei kvinne frå barnevernet etter ei rettssak i 2018. Ho var stemna som vitne, han var dommar. På det private plan hadde dei vore kjærastar i lang tid.

Då han fekk spørsmål frå Frostating lagmannsrett om forholdet mellom dei to, forklarte han at det var avslutta.

Men i lokalavisa Tidens Krav fortalde kvinna ei heilt anna historie. Ho la fram store mengder tekstmeldingar som skal ha blitt sendt mellom dei i den perioden han forklarte at forholdet var over.

NRK har også sett fleire av meldingane, og politiet las opp fleire av dei i retten tysdag.

Tom tiltalteboks i Bergen tingrett

Rettsaka mot Ole Ødegård går for Hordaland tingrett. Den nære tilknytninga hans til til politi- og påtalemakta i heimfylket Møre og Romsdal gjer at etterforskinga og rettsaka er flytta til Bergen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Fekk anonymt brev i posten

Det var eit anonymt brev som gjorde at saka hamna hos politiet.

For i den rettssaka der dommaren forklarte at han ikkje hadde nokon relasjon til den tidlegare kjærasten i barnevernet, sat ein barnefar. Han tapte omsorgsretten til barnet sitt.

Kort tid etter fekk han eit brev utan avsendar som fortalde om forholdet mellom dei to aktørane i retten der han nettopp hadde mist omsorga. Ei stund etter leste han om kjærasten som hevda i avisa at dommaren hadde loge til retten om forholdet deira. Det fekk han til å slå alarm og varsle både Riksadvokaten og domstolsadministrasjonen.

I fjor sommar opna politiet etterforsking og før jul tok Statsadvokaten i Hordaland ut tiltale mot den tidlegare dommaren.

Benedikte Høgseth

Statsadvokat Benedikte Høgseth er aktor i saka.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Det viser at det var rimeleg grunn for politiet til å etterforske om det hadde skjedd noko straffbart. Det underlege er at klienten min måtte varsle om dette, trass i at også domstolsadministrasjonen var kjent med opplysningane, seier advokaten til barnefaren, Sjak Haaheim.

– Korleis tolkar du det?

Min klient vil ikkje spekulere i det. Domstoladministrasjonen må svare på kvifor ein ikkje reagerte på eit varsel om mogelege strafflagde handlingar. Det er heilt avgjerande at alle har høgst mogleg tillit til rettssystemet, seier Haaheim.

Leiinga ved Domstolsadministrasjonen ønskjer ikkje å kommentere uttalen frå advokaten.

Sjak R. Haaheim

Sjak R. Haaheim er advokat for barnefaren som tapte i retten. I ettertid fekk han eit anonymt brev om forholdet mellom Ole Ødegård og kvinna i barnevernet.

Foto: Ingvild-Anita Velde / NRK

Sjukmeld og suspendert

Ole Ødegård har vore sjukmeld etter at saka blei kjent. For kort tid sidan blei han formelt suspendert frå stillinga som dommar.

No risikerer han å bli dømt for brot på straffelovens 365: «for i et dokument utstedt som ledd i rettspleie å ha gitt en uriktig erklæring som var bestemt til å brukes som bevis».

Strafferamma er to års fengsel, og statsadvokat Benedikte Høgseth i Hordaland ønskjer ikkje å seie noko om kor lang straff han risikerer.

Det er sett av tre dagar til rettssaka.

Bergen tingrett

Saka går for Hordaland tingrett i tre dagar.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Tidslinje over saka mot Ole Ødegård

Denne veka startar rettsaka mot Ole Ødegård. Her får du oversikt over detaljane i saka.

  • 27.-29. november 2018
    Omstridt barnefordelingssak i retten

    Ein far frå Austlandet møter i Nordmøre tingrett og kjempar for retten til å sjå barnet sitt. Rettsaka går i tre dagar, mannen taper saka. Faren kjenner godt til ei av dei som er stemna som vitne, ei kvinne frå barnevernet. Det han ikkje veit er at ho i lang tid har vore hemmeleg kjærest med dommaren i saka, Ole Ødegård.

  • 11. januar 2019
    Anonymt brev

    Barnefaren får eit anonymt brev i posten. Der står det at avsendaren meiner han bør vite at dommar Ole Ødegård gjennom mange år har vore kjæreste med kvinna frå barneverntenesten. Barnefaren vel under tvil å la saka ligge, og forklarer det mellom anna med omsynet til partane sitt privatliv og at det ikkje er mogleg å finne ut kven som har sendt brevet.

  • 23. oktober 2019
    Sender prosesskriv til retten om inhabilitet

    Nokre månader seinare kjem det ny informasjon om forholdet. Ein kollega i barnevernet skal ha fortalt til ein sakkunnig at Ødegård og kvinna er kjærestar. Det kan bety at dommen frå november 2019 der barnefaren miste retten til samvær med barnet sitt ikkje er gyldig på grunn av inhabilitet. Dette får barnefaren og hans advokat til å ta til motmæle. I eit brev til Frostating lagmannsrett skriv advokaten at Ødegård var inhabil og ber lagmannsretten om å undersøkje saka.

  • 25. oktober 2019
    Ødegård sender epost

    Lagdommar Bjørn Berg i Frostating lagmannsrett sender epost til Ødegård og orienterer om at dei har fått spørsmål rundt habiliteten. Berg ber Ødegård orientere han om relasjonen og om han sjølv meiner dette gjer han inhabil. Ødegård får også spørsmål om kva som eventuelt var grunnen til at han ikkje har sagt frå om dette i samband med rettsaka. Ødegård svarar slik: «Jeg hadde en relasjon til NN på det private plan i en periode da jeg arbeidet som kommuneadvokat, og har sporadisk møtt henne så sent som i 2017. Under foreldretvistsakens behandling i tingretten høsten 2018 tenkte jeg ikke på relasjonen til NN som problematisk».

  • 21. januar 2020
    Retten avviser inhabilitet

    I januar 2020 konkluderer Frostating lagmannsrett med at dommar Ole Ødegård ikkje var inhabil då han dømde i barnefordelingssaka i november 2018.

  • 22. mars 2020
    Høgsterett avviser saka

    22. mars 2020 avviser ankeutvalet i Høgsterett å behandle saka.

  • 19. januar 2021
    Kjæresten snakkar i Tidens Krav

    Eitt år etter skriv lokalavisa Tidens Krav om saka. Her teiknar det seg eit anna bilde av kjæresteforholdet. Kvinna i barnevernet hevdar i avisa at forholdet har pågått lenge etter at Ødegård har forsikra retten om at det er slutt. Ho hevdar at ho har store mengder tekstmeldingar som viser at dette stemmer. NRK har også sett fleire av desse meldingane. Ødegård går ut i lokalavisa kort tid etter og avviser framstillinga, utan å vere konkret på kva han eventuelt meiner er feil.

  • 18. mars 2021
    Melder saka til politiet

    Etter å ha lese i lokalavisa kva den tidlegare kjæresten til Ole Ødegård seier, bestemmer barnefaren som tapte barneforderlingssaka seg for å melde Ødegård til politiet. Han sender saka til Riksadvokaten og leverer også kopi av det anonyme brevet han fekk i posten to år før. Han varslar også Domstolsadminstrasjonen om saka.

  • 26. mai 2021
    Innstilt som nummer 1

    Trass i politisaka blir Ole Ødegård innstilt som nummer 1 for jobben som ny lagdommar i Frostating lagmannsrett. Innstillingsrådet er kjent med påstanden om at han skal ha loge for retten, og dette er ifølgje leiar Arnfinn Agnalt eit viktig tema under intervjuet. Rådet konkluderer med at Ødegård likevel er den beste for jobben.

  • 26. november 2021
    Politiet stadfestar

    Ole Ødegård blir formelt tiltalt for brot på Straffelova § 265, for falsk forklaring: «For i et dokument utstedt som ledd i rettspleie å ha gitt en uriktig erklæring som var bestemt til å brukes som bevis».

  • 3. desember 2021
    Ber om suspensjon

    Domstolsadministrasjonen ber Justisdepartementet suspendere Ole Ødegård i påvente av dommen, og rett over jul blir han formelt suspendert. I avgjerda heiter det mellom anna: «Slik adferd som fremgår av tiltalebeslutningen er uforenlig med de krav til integritet og personlig skikkethet som en dommer bør inneha, og bryter med den aktelse og tillit som er nødvendig for embete».

  • 1. mars 2022
    Rettsaka startar

    1. -3. mars gjekk rettsaka i Hordaland tingrett.