Med ei handskriven liste møtte kvinna i 50-åra i Hordaland tingrett onsdag. Her leste ho opp 25 datoar og klokkeslett. Ho hevdar dette er alle gongane ho møtte dommaren frå Nordmøre i 2018.
Lista viser at dei skal ha møttest på hotell i Trondheim og fleire gonger i parkeringsanlegget ved politihuset i Kristiansund. Dei skal også ha treft kvarandre utanfor skular og på bensinstasjonar.
Her i kjellaren på politihuset i Kristiansund hevdar den tidlegare kjærasten at ho møtte dommar Ole Ødegård fleire gonger i 2018. Han har forklart for retten at forholdet var slutt i 2017.
Foto: Synnøve Hole / NRKAlle møte skal ha skjedd i eit tidsrommet dommaren frå Nordmøre har forklart for retten at relasjonen var avslutta. Dette kan han no bli dømt for.
– Det har vore ei kjempestor belastning. Eg er så glad for å vere ferdig så langt, sa kvinna til NRK rett etter at ho hadde forklart seg onsdag føremiddag.
NRK kjenner identiteten til kvinna, men har valt å anonymisere henne.
Onsdag forklarte ho for retten at lista var laga basert på tekstmeldingar mellom dei to i 2018.
Hemmelege kjærastar i årevis
Dei to har vore hemmelege kjærastar i ei årrekke. Samtidig skal dei ha møttest fleire gonger på jobb, han som dommar og ho som tilsett i barnevernet. I etterkant av ei rettssak hausten 2018 fekk han spørsmål om habilitet og den tidlegare elskarinna.
Då forklarte han at alt var over. I ettertid har politiet tiltalt han for å ha forklart seg gale om dette.
– Det er freistande å seie noko om det, men eg må la vere, seier Ole Ødegård til NRK på spørsmål om han vil kommentere lista ho la fram for retten onsdag.
Advokat Hallvard Helle viser til prosedyren torsdag og vil heller ikkje kommentere opplysningane kvinna har gitt i retten.
Halvard Helle er forsvarar for Ole Ødegård i retten. Ingen av dei vil overfor NRK kommentere lista med påståtte treffpunkt i 2018.
Foto: Odd Arne Olderbakk / NRKTusenvis av tekstmeldingar
Saka starta å rulle med eit anonymt varselbrev som fortalde om det hemmelege forholdet mellom den profilerte dommaren og elskarinna.
I retten onsdag hevda ho at dommaren var klar over at han laug for retten då han fekk spørsmål om forholdet. Ho hevda også at han gret og var svært bekymra for kva som kom til å skje dersom dette blei oppdaga.
Ole Ødegård rista bestemt på hovudet medan ho forklarte seg, og i retten har han halde fast på at forholdet mellom dei var slutt slik han har forklart.
Politiet har gått gjennom tusenvis av tekstmeldingar for å finne bevis for at dommaren ikkje snakkar sant om forholdet mellom dei to.
No ser den tidlegare kjærasten fram til at saka er over.
– No håper eg at det blir ro rundt dette og at eg kan komme meg vidare sjølv i livet mitt, seier ho til NRK.
Tidslinje over saka mot Ole Ødegård
Saka mot Ole Ødegård har blitt behandla av retten to gonger. Her får du oversikt over detaljane i saka.
- 27.-29. november 2018Omstridt barnefordelingssak i retten
Ein far frå Austlandet møter i Nordmøre tingrett og kjempar for retten til å sjå barnet sitt. Rettsaka går i tre dagar, mannen taper saka. Faren kjenner godt til ei av dei som er stemna som vitne, ei kvinne frå barnevernet. Det han ikkje veit er at ho i lang tid har vore hemmeleg kjærest med dommaren i saka, Ole Ødegård.
- 11. januar 2019Anonymt brev
Barnefaren får eit anonymt brev i posten. Der står det at avsendaren meiner han bør vite at dommar Ole Ødegård gjennom mange år har vore kjæreste med kvinna frå barneverntenesten. Barnefaren vel under tvil å la saka ligge, og forklarer det mellom anna med omsynet til partane sitt privatliv og at det ikkje er mogleg å finne ut kven som har sendt brevet.
- 23. oktober 2019Sender prosesskriv til retten om inhabilitet
Nokre månader seinare kjem det ny informasjon om forholdet. Ein kollega i barnevernet skal ha fortalt til ein sakkunnig at Ødegård og kvinna er kjærestar. Det kan bety at dommen frå november 2019 der barnefaren miste retten til samvær med barnet sitt ikkje er gyldig på grunn av inhabilitet. Dette får barnefaren og hans advokat til å ta til motmæle. I eit brev til Frostating lagmannsrett skriv advokaten at Ødegård var inhabil og ber lagmannsretten om å undersøkje saka.
- 25. oktober 2019Ødegård sender epost
Lagdommar Bjørn Berg i Frostating lagmannsrett sender epost til Ødegård og orienterer om at dei har fått spørsmål rundt habiliteten. Berg ber Ødegård orientere han om relasjonen og om han sjølv meiner dette gjer han inhabil. Ødegård får også spørsmål om kva som eventuelt var grunnen til at han ikkje har sagt frå om dette i samband med rettsaka. Ødegård svarar slik: «Jeg hadde en relasjon til NN på det private plan i en periode da jeg arbeidet som kommuneadvokat, og har sporadisk møtt henne så sent som i 2017. Under foreldretvistsakens behandling i tingretten høsten 2018 tenkte jeg ikke på relasjonen til NN som problematisk».
- 21. januar 2020Retten avviser inhabilitet
I januar 2020 konkluderer Frostating lagmannsrett med at dommar Ole Ødegård ikkje var inhabil då han dømde i barnefordelingssaka i november 2018.
- 22. mars 2020Høgsterett avviser saka
22. mars 2020 avviser ankeutvalet i Høgsterett å behandle saka.
- 19. januar 2021Kjæresten snakkar i Tidens Krav
Eitt år etter skriv lokalavisa Tidens Krav om saka. Her teiknar det seg eit anna bilde av kjæresteforholdet. Kvinna i barnevernet hevdar i avisa at forholdet har pågått lenge etter at Ødegård har forsikra retten om at det er slutt. Ho hevdar at ho har store mengder tekstmeldingar som viser at dette stemmer. NRK har også sett fleire av desse meldingane. Ødegård går ut i lokalavisa kort tid etter og avviser framstillinga, utan å vere konkret på kva han eventuelt meiner er feil.
- 18. mars 2021Melder saka til politiet
Etter å ha lese i lokalavisa kva den tidlegare kjæresten til Ole Ødegård seier, bestemmer barnefaren som tapte barneforderlingssaka seg for å melde Ødegård til politiet. Han sender saka til Riksadvokaten og leverer også kopi av det anonyme brevet han fekk i posten to år før. Han varslar også Domstolsadminstrasjonen om saka.
- 26. mai 2021Innstilt som nummer 1
Trass i politisaka blir Ole Ødegård innstilt som nummer 1 for jobben som ny lagdommar i Frostating lagmannsrett. Innstillingsrådet er kjent med påstanden om at han skal ha loge for retten, og dette er ifølgje leiar Arnfinn Agnalt eit viktig tema under intervjuet. Rådet konkluderer med at Ødegård likevel er den beste for jobben.
- 26. november 2021Politiet stadfestar
Ole Ødegård blir formelt tiltalt for brot på Straffelova § 265, for falsk forklaring: «For i et dokument utstedt som ledd i rettspleie å ha gitt en uriktig erklæring som var bestemt til å brukes som bevis».
- 3. desember 2021Ber om suspensjon
Domstolsadministrasjonen ber Justisdepartementet suspendere Ole Ødegård i påvente av dommen, og rett over jul blir han formelt suspendert. I avgjerda heiter det mellom anna: «Slik adferd som fremgår av tiltalebeslutningen er uforenlig med de krav til integritet og personlig skikkethet som en dommer bør inneha, og bryter med den aktelse og tillit som er nødvendig for embete».
- 1. mars 2022Rettsaka startar
1. -3. mars 2022 gjekk rettsaka i Hordaland tingrett.
- 7.-10. november 2022Ankesak i lagmannsretten
7.-10. november 2022 gjekk ankesaka i Gulating lagmannsrett.