Hopp til innhold

Dommar etterforska for å ha forklart seg falskt om kjærast: – Skandale, seier tidlegare kollega

Den erfarne dommaren forsikra retten om at han ikkje lenger hadde noko forhold til ho som var ført opp som vitne. Så gjekk ho ut i lokalavisa og fortalde ei heilt anna historie.

Kristiansund politistasjon

Den tidlegare sorenskrivaren i Kristiansund er under politietterforsking, men er samtidig innstilt som nummer 1 som dommar i Frostating lagmannsrett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den tidlegare sorenskrivaren på Nordmøre, Ole Ingar Ødegård, har mange gongar bedt vitne som forklarer seg i retten om å forsikre på tru og ære at dei snakkar sant. Gjer dei ikkje det, kan dei bli straffa med fengsel.

No viser det seg at han sjølv kan ha brote lova ved å forklare seg falsk om forholdet til den tidlegare kjærasten.

– Det er ein skandale, seier tidlegare sorenskrivar Stein Husby i Kongsberg.

Fleire avhøyr

Vest politidistrikt har sidan i sommar etterforska saka og har no konkludert. Dei ønskjer ikkje å seie noko om konklusjonen. Nyleg blei saka sendt til statsadvokaten i Hordaland/Sogn og Fjordane, som skal avgjere saka. Dei vil heller ikkje gje nokon kommentar no.

Både den tidlegare kjærasten og dommaren sjølv har vore til avhøyr.

Ødegård er for tida sjukmeld og ønskjer ikkje å kommentere. Han vil heller ikkje at NRK tek bilde av han i samband med saka.

Det er advokaten til den tapande parten i ei opprivande barnevernssak som har meldt Ødegård til politiet.

Resepsjon Frostating lagmannsrett Ålesund Sunnmøre tingrett

Den tidlegare sorenskrivaren i Kristiansund skulle etter planen bli utnemnd som dommar i Frostating lagmannsrett i sommar. No er saka lagt på vent.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Hemmeleg kjærast

Lokalavisa Tidens Krav har gjennom fleire artiklar kartlagt at Ødegård var hemmeleg kjærast med ei sentral kvinne i barnevernet. I samband med ei opprivande barnefordelingssak, fekk Ødegård spørsmål om han var inhabil som dommar. Då avkrefta han at dei lenger hadde nokon relasjon.

Men så gjekk ho ut i avisa og fortalde at ho hadde fått over 1600 tekstmeldingar frå Ødegård, og at dei stadig møttest.

Også NRK har sett fleire av desse tekstmeldingane. Fleire blei sende etter at dommaren forklarte at forholdet var over.

Dersom han blir dømt for falsk forklaring, risikerer han 21 dagars fengsel.

Kommunikasjonssjef Yngve Brox ved Domstolsadminstrasjonen seier dei er kjende med at saka er under etterforsking.

– Vi har no ingen informasjon som tilseier at det skal takast steg med tanke på suspensjon, skriv Brox i ei tekstmelding til NRK.

Yngve Brox

Kommunikasjonssjef Yngve Brox ved Domstolsadministrasjonen seier dei ikkje har vurdert å suspendere dommaren medan han blir etterforska.

Foto: Mari Svenning / NRK

Kan bli utnemnd til lagdommar

Samtidig som dommaren er under etterforsking kan han vere i ferd med å gjere eit byks på karrierestigen. Han er innstilt som nummer 1 til dommar i Frostating lagmannsrett. Etter planen skulle han utnemnast i Kongen i Statsråd allereie i sommar.

– Alle skjønar at dersom ein skal sitte i ei slik stilling, så kan ein ikkje bli straffedømd. Denne saka er svært øydeleggande for domstolsadministrasjonen og tilliten til domstolane, seier tidlegare sorenskrivar Stein Husby.

Stein Husby

TIDLEGARE KOLLEGA REAGERER STERKT: Tidlegare sorenskrivar Stein Husby omtalar dommar-saka som ein skandale.

Foto: privat

Vurderer innstillinga på nytt

Arnfinn Agnalt i Innstillingsrådet for dommere seier Justisdepartementet har bedt om dei legge saka på vent. Rådet hadde fleire samtalar med Ødegård før dei innstilte han som den beste kandidaten for toppjobben i Frostating lagmannsrett.

– Innstillingsrådet har vurdert dei opplysningane som vi kjende til då vi behandla saka. Forholdet blei drøfta grundig med søkjaren i intervjuet, seier han.

– Men tenkjer du at det er uproblematisk å innstille ein kandidat som er under politietterforsking til dommar i lagretten?

– Nei, det tenkjer eg ikkje. Vi ventar no på ei avklaring frå statsadvokaten, seier han.

Arnfinn Agnalt, sorenskriver i Fredrikstad og Halden

Leiaren i Innstillingsutvalget for dommere, Arnfinn Agnalt, seier dei no ventar på avgjerda frå statsadvokaten. Inntil vidare er saka lagt på vent.

Foto: Birger Kjølberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL