Hopp til innhold

Dømt for vald: Hevda ektefellen tok kvelartak på seg sjølv

Ein 42-åring er i Nordmøre tingrett dømt til åtte månader i fengsel for fleire tilfelle av vald mot kona si.

Nordmøre tingrett

Domen blei avsagt i Nordmøre tingrett.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix

Samlivet mellom dei to tok slutt i julemånaden i 2015. Då flytta kvinna ut, tok med seg barnet deira, og flytta til eit krisesenter.

Då hadde ho vore utsett for ei rekke tilfelle av valdsbruk frå ektemannen, og retten legg særleg vekt på det som skjedde tidleg i desember 2015.

Då tok han kvelartak på henne og trua med å drepe henne. Ifølge domen i Nordmøre tingrett skal han ha slått og sparka henne fleire gongar, samt at han kasta ein liten kniv mot henne.

– Ho tok kvelartak på seg sjølv

I retten forklarte mannen at han var sint på den fornærma, fordi ho hadde ringt ei kvinne han hadde kontakt med, og som han meinte ektefellen hadde sjikanert.

Han vedgjekk at han mista kontrollen og var valdeleg mot ektefellen. Han meinte vidare at ho då blei hysterisk og at ho tok kvelartak på seg sjølv med begge hender. Han måtte ta hardt i armen hennar for å få henne til å losne grepet.

Denne forklaringa festar ikkje retten lit til, og at dette ikkje er truverdig. Den trur på den fornærma sine forklaringar og viser også til at skadar ho har vist til blir underbygd av undersøkingar som blei gjort.

Kvinna forklarte at valden hadde pågått det meste av ekteskapet, men retten legg særleg vekt på det siste året før ho flytta ut. Den peiker vidare på at kvinna hadde vore utsett for mishandling også i eit ekteskap i heimlandet. No var ho i ein særleg sårbar situasjon fordi ho frykta å bli fråtatt barnet og dessutan miste opphaldsløyvet her i landet.

No må 42-åringen sone åtte månader i fengsel, og han må betale 75 000 kroner til den fornærma kvinna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL