Hopp til innhold

Dømd til fengsel for utuktig omgang med mindreårige

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i fire år og seks månader for utuktig omgang mot to jenter under 16 år. Både gjerningsmannen og jentene er frå Søre Sunnmøre.

Søre sunnmøre tingrett

Mannen er dømd i Søre Sunnnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Mannen skal ha brukt vald og trugande åtferd for å presse jentene til seksuelle handlingar. Jentene var 14 og 15 år då overgrepa skjedde.

Dei to jentene hadde hatt ei vanskeleg ungdomstid. I rettssalen forklarte dei at dei hadde få vener. Dei oppsøkte ein ungdomsklubb i håp om å få etablert kontakt med fleire ungdommar.

Det var på ungdomsklubben dei møtte mannen, som hadde fått løyve til å opphalde seg på ungdomsklubben også etter at han hadde fylt 18 år. Jentene forklarte at dei etter kvart såg opp til mannen, og utvikla eit nært forhold til han.

Retten la vekt på forklaringane til dei to tiltalte og fann mannen skuldig etter tiltalen. Begge jentene framsto som truverdige og nøkterne i framstillingane sine, heiter det i dommen.

I skjerpande retning legg retten vekt på at tiltalte utnytta to jenter som var sårbare og mykje yngre enn seg sjølv. Trass i at jentene ved fleire høve sa klart frå om at dei ikkje ønska seksuell kontakt, tok han seg til rette, manipulerte dei og til dels pressa dei til seksuell omgang, står det i domspapira.

I tillegg til fengselsstraffa må gjerningsmannen betale erstatning på 125.000 kroner til den eine jenta og 75.000 kroner til den andre.

Dommen var samrøystes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL