Hopp til innhold

– Skjønte fort at det var svært alvorleg

Sjåføren i den første bilen som kom til etter dødsulykka forklarte for retten i dag at ulykkesbilen kom mot i veldig stor fart.

Han seier han umiddelbart skjønte at det var ei svært alvorleg ulykke og at han først var i sjokk over det han såg.

Mannen sprang først bort til den kvite bilen som den tiltalte kvinna køyrde. Der fann han ein person på passasjersida framme i bilen som sat med bøygd hovud. Han tok så å retta opp hovudet til mannen slik at han frie luftvegar.

Etter å ha hjelpt til her sprang han så bort til den andre bilen for å hjelpe til der. Ved hjelp av ein tapetkniv klarte han å frigjere ei av kvinnene som omkom.

Kvinna sin forsvarar viste til avhøyr rett etter ulykka der han ikkje sa noko om at bilen skal ha hatt høg fart. Han peikte også på at mannen hadde forklart at han trudde han hadde reagert på det om bilen hadde hatt høg fart.