Hopp til innhold

Skal ha høyrt brummelyd

Ein mann som køyrde møtte den kvite bilen i Blindheimstunnelen vitna i retten i dag. Han køyrde framfor bilen med dei tre kvinnene som omkom.

I retten forklarte han at han høyrde at den kvite Mercedesen brumma og gassa på i det den passerte. Han meinte at bilen hadde hatt høgare fart enn fartsgrensa på staden, som er 70 kilometer i timen.

Sjåføren seier brummelyden til bilen har brent seg inn i tankane hans i etterkant.

Deretter skal han ha høyrt ein skrenselyd før det small. I spegelen såg han at bilen hadde kollidert.

Han stoppa bilen sin på ei lomme og ringde så 112-sentralen. Der fekk beskjed om å hjelpe til og sprang mot bilane.

Han seier han forsøkte å unngå sjå inn i ulykkesbilen av frykt for kva han kom til å sjå.

Saman med ein anna sørga han for at det ikkje byrja å brenne i bilen som dei tre kvinnene i 40-50-åra sat i.