MFK manglar tre poeng når det står att tre kampar av eliteserien 2011. Sju gongar har Molde kome på andreplass i eliteserien, men vinn dei mot Strømsgodset er seriegullet sikra.
Trygg på resultatet
Molde fotballklubb har vore nær gullet fleire gongar. 7 seriesølv er på merittlista, men no er dei klare for gull.
– Presterer vi på vårt beste, så er sjansane veldig gode for å vinne. Då er eg trygg på eit godt resultat. Eg trur det meste ligg til rette, seier klubbdirektør Tarje Nordstrand Jacobsen.
Også fansen har trua på at det blir ein stor dag i morgon. Trykken av gulldraktene går for fullt, og dei vil vere på under jakka på morgondagens kamp.
Les:
Har ikkje planlagt feiringa
Men sjølv om dei fleste har trua på at gullet er sikra i morgon, har ikkje leiinga i fotballklubben planlagt korleis gullet skal feirast.
– Som ansvarlege leiarar er vi forplikta til å tenke ein tanke eller to, men elles bruker vi ingen energi på det før kampen er ferdigspelt på søndag, seier direktøren.
Og heller ikkje manager Solskjær vil snakke om feiringa. Tidlegare i veka ville han ikkje ein gong snakke om gull:
– Korleis opplever de å vere der de er akkurat no?
– Det kjennes bra på mange måtar. Det gir sjølvtillit å ligge på toppen av tabellen. Dette er viktig at vi utnyttar best muleg. Samtidig må vi vere passe audmjuke overfor motstandarane, seier Jacobsen.