Hopp til innhold

Helsetopp går av: – Dei har ikkje tillit til dømekrafta mi

Astrid Eidsvik går av som administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal. Ho fortel til NRK at Helse Midt-Norge har gripe inn i sjukehus-saka på ein uakseptabel måte.

Astrid Eidsvik

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik fortel at ho går av med umiddelbar verknad.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Astrid Eidsvik - Folkemøte Kristiansund

Arkivfoto: Eidsvik under eit av folkemøta for sjukehusvalet.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Eidsvik har vore sjukehussjef for Helse Møre og Romsdal sidan sommaren 2011, då Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre blei slått saman. Ho er den sjukehusdirektøren her i landet som har sete lengst.

No melder helseføretaket at Eidsvik går av.

– Eg har valt å seie opp jobben min med umiddelbar verknad, seier Eidsvik til NRK.

Ho understrekar at avgangen hennar har ingenting å gjere med at ho er sliten.

– Heilt i innspurten av arbeidet med sjukehusvalet har eg opplevd at Helse Midt-Norge har gripe inn på ein måte eg syns er uakseptabel.

Føler seg overkøyrt

Styremøte Helse Møre og Romsdal 21.11.2014

Arkivfoto: Frå styremøte i Helse Møre og Romsdal i slutten av november.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Ei av hennar hovudoppgåver har vore knytt til utviklingsplanen for Helse Møre og Romsdal, der avgjerda om nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal skal leggast fram den 10. desember har vore sentral.

Ho føler at ho ikkje har fått sjansen til å sluttføre arbeidet med sjukehusvalet, og at ho har blitt overkøyrt av Helse Midt-Norge.

– Dette tolkar eg slik at Helse Midt-Norge ikkje har tillit til dømekrafta mi knytt til innspurten av dette krevjande arbeidet, seier Eidsvik.

Tredje som går av

Astrid Eidsvik er tredje helsetoppen som går på under to månader. Styreleiar i Helse Midt-Norge, Marthe Styve Holthe, gjekk i midten av oktober fordi ho følte seg detaljstyrt av helseministeren. Det same gjer Astrid Eidsvik, som i dag fortalde at ho føler seg detaljstyrt av Helse Midt-Norge.

MArthe Styve Holte

Marthe Styve Holthe, som gjekk av for kort tid sidan, seier at avgangen til Eidsvik er beklageleg.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Trond Michael Andersen trakk seg etter mistillit frå helseminister Bent Høie som hadde fått ei rekkje uromeldingar.

Styve Holte seier til NRK at det er beklageleg for Helse Møre og Romsdal at Eidsvik går av.

– Ein kan tenke seg at når ein så erfaren person går av vil det få konsekvensar. Ho er svært kunnskapsrik og ein svært dyktig leiar, seier den tidlegare styreleiaren.

– Det burde ikkje vere grunn til å ikkje ha tillit til den jobben ho har gjort?

– Nei, ikkje som eg har kunnskap om, svarer Styve Holte.

Ønskjer at arbeidet går som planlagt

Eidsvik har vektlagt at prosessen skulle vere transparent fram mot det vanskelege lokaliseringsvalet, og at den vart leia på ein god måte med involvering og openheit.

– Eg ønsker no å sjå at arbeidet med saka går vidare slik det er planlagt, sjølv om eg ikkje leiar det lenger. Denne saka fortener å få si avgjerd no.

– Ei fin tid

Styremøte helse møre og romsdal -

Eidsvik saman med styreleiar Stein Kinserdal og assisterande styreleiar Petter Bjørdal.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Plasseringa av sjukehuset skal bli avgjort onsdag 10. desember. Då skulle Astrid Eidsvik eigentleg leggje papira på bordet, og fortelje kva den endelege avgjerda er. Slik blir det ikkje no.

Eidsvik fekk stillinga som direktør i 2011, og ser tilbake på tida med glede.

– Det har vore ein krevjande jobb. Men vi har hatt mange fine oppgåver også. Eg har hatt mange gode medarbeidarar som har vore gode å ha, seier ho.

Dei tøffe oppgåvene har vore mange. Den utfordrande økonomien har vore ein av dei, og fusjonen mellom Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre er ei anna. Men no trur Eidsvik at arvtakaren har ei nokon lunde lys tid i møte.

– Eg trur at vi har lagt eit godt grunnlag, men det vil bli krevjande, seier ho, og legg til at ho planlegg å ta juleferie.