Store fjellhallar
Det ristar kraftig i grunnen over heile Aukra når sprenginga av dei enorme fjellhallane no er sett i gang. Ein fjellhall er på 60.000 kubikkmeter. Den skal romme kondensat , som skal foredlast før den blir sendt vidare med båt nedover i Europa.
Enorme fjellhallar blir sprengde ut på Nyhamna. (Foto: Norsk Hydro)
Den største fjellhallen er tre gongar større - 180.000 kubikkmeter - og den skal brukast til mellomlagring av kondensat som har så høg kvalitet at han kan sendast vidare utan behandling. Saman med fjellhallane blir store tunnellgangar sprengde ut.
Vegar Stokset. (Foto: Norsk Hydro)
Mykje materiell
Nesten fire månader er gått sidan første spadestikket på Nyhamna og godt over ein firededel av anleggsarbeidet som Skanska skal gjere er unnagjort, fortel informasjonssjef for Ormen Lange i Hydro, Vegar Stokset.
Men berre to prosent av alt anleggsarbeid som skal gjerast er ferdig.
Dimensjonane er store over det som skjer på Nyhamna. I alt skal 5 millionar kubikkmeter masse i form av stein og jord flyttast på.
For å få til det er 15 boreriggar, 5 valsemaskinar, 10 bulldozarar, 30 dumparar, 12 hjullastarar og 25 gravemaskinar pluss over femti mindre køyrety i arbeid.
Presisjon
Men store dimensjonar krever også nøyaktigheit. Gravinga blir styrt med satelittnavigering, GPS, med ein feilmargin på ned til 1-4 centimeter. Viktigast av alt er at dette så langt har skjedd utan alvorlege skadar, seier Vegar Stokset.