Hopp til innhold

Dette tøystykket er romertidas «jeansstoff»

Tøybitar som vart funne i ein bekk i Rauma kan vere 1700 år gamle. – Eit heilt uvanleg funn, seier arkeolog Kristoffer Dahle.

Tøystykket vart funnet på Holm i Rauma

Denne tøybiten på 10x10 cm viser seg å vere frå år 248 til år 391. Stoffet vart funne ved ein bekk i Rauma.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Tøystykka som dukka opp under vårflaumen på garden Holm i Rauma, viser seg å vere så gamle som frå år 248 til 391.

– Det er svært gamalt, seier arkeolog Kristoffer Dahle ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det var i mai at Solfrid Holm såg at det stakk ut noko svart frå skråninga der bekken hadde grave seg ut. På garden hennar det har vore gjort fleire arkeologiske funn tidlegare. Holm granska det ho trudde var ein skinnbit under lupa og såg at det var eit tøystykke med ein framand vevteknikk. Ho har utdanning innan veving og forstod at funnet i myrtorva måtte vere gamalt.

Arkeolog Kristoffer Dahle

Arkeolog Kristoffer Dahle ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier det er sjeldan at ein fin tekstilar på bygda.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sjeldan funn

Vanlegvis tar det kort tid før tøy går i oppløysing, men den om lag 1700 år gamle tøybiten har ligge i myrlendt terreng, der det kjem lite oksygen. Dermed går rotningspressen mykje saktare.

– Det er eit heilt uvanleg funn. Det er svært sjeldan at ein finn så gamle tekstilar, seier Dahle.

Det er funne tekstilar frå mellomalderen i Oslo, Trondheim og Bergen. Det er også gjort tekstilfunn i isbrear. For nokre år sidan vart det funne ein godt bevart kjortel frå om lag år 300 i isen i Lendbreen på Skjåk.

Tøyet frå Rauma er laga av ull og stoffet er svært slitesterkt. Det kan minne om deminstoffet som dagens jeansbukser er laga av, ifylgje Dahle.

Klede i frysaren

Marianne Vedeler, professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Marianne Vedeler ved Kulturhistorisk museum trur det kan dukke opp fleire tekstilar i åra framover, når isbrear smeltar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Marianne Vedeler er professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum. Ho seier at dersom bevaringsforholda er gunstige, kan tekstilar bli oppbevart i jord i veldig mange år. Då er det er ulltekstilane som er best bevarte. Både at fibrane vanlegvis var ekstremt slitesterke og måten tøyet vart vove på, gjorde stoffet sterkt.

– Det er vanskeleg å seie kva stoffet i Rauma har blitt brukt til, men liknande tøy blei brukt til klede i mange hundre år, seier Vedeler. Ho meiner det ikkje er usannsynleg at tøybiten er restar av eit klesplagg.

Det er ikkje berre at tøy rotnar fort som gjer at slike funn er uvanlege. Vedeler seier at plagga vart brukt heilt opp, til det ikkje var meir att. Då stoffet hadde gjort nytta si som klesplagg, kunne det bli brukt som toalettpapir eller faklar. Vedeler trur at vi kjem til å finne fleire tekstilar i åra framover, når isbrear smeltar.

– Det er som å putte kleda i frysaren, seier Vedeler.

Bekk på Holm i Rauma der det vart funne eit gamalt tøystykke

Møre og Romsdal fylkeskommune ynskjer no å gjere fleire undersøkingar ved bekken, for å sjå om der kan vere fleire nedgravde tekstilar.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL