Dette tøystykket kan vere 2000 år gamalt

Eit tøystykke, som vart funne i ein bekk i Rauma, kan vere heile 2000 år gamalt. – Dette er heilt unikt, seier arkeolog Kristoffer Dahle.

Tøystykket vart funnet på Holm i Rauma

Tøystykket som er ca. 10x10 centimeter er eit sjeldan funn.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Det var under vårflaumen i mai at Solfrid Holm oppdaga at det stakk noko svart ut av skråninga der bekken hadde grave seg ut på Holm i Rauma, like ved huset hennar.

– Eg trudde først det var skinn, og tenkte at det måtte vere gamalt sidan det låg ein meter under myrtorva, fortel Holm. Under lupa såg ho at det var eit tøystykke. Sjølv har ho utdanning innan veving, og ho kjende ikkje att teknikken som var brukt.

Bekk på Holm i Rauma der det vart funne eit gamalt tøystykke

Det var her i skråninga at Solfrid Holm oppdaga tøystykket.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

–2000 år gamalt

Ho varsla arkeolog Kristoffer Dahle i Møre og Romsdal fylkeskommune om funnet. Tøystykket minte han om funn som hadde blitt gjort andre stader og etter å ha sett funnstaden og kor djupt tøystykket låg, vart han sikker på at tøyet er gamalt. Ifylgje arkeologen er det berre gjort ei handfull slike funn tidlegare.

Spesialistar har sett bilete av tøystykket og nokre meiner tøyet truleg kan vere 2000 år gamalt. Andre meiner det kan vere frå 1200-talet.

–Uansett er det svært gamalt, seier Dahle.

Arkeolog Kristoffer Dahle

Arkeolog Kristoffer Dahle seier at funnet er unikt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Trur det finst meir

Fylkeskommunen vil no sende ein bit til karbondatering for å aldersbestemme funnet. Det er vanskeleg å seie om tøystykket er eit klesplagg, eit veggteppe eller emballasje. Dahle trur det finst meir på jordet og hans draum er å finne fleire tekstilar og heile klesdrakter.

I 2011 vart Noregs eldste klesplagg funne i Breheimen mellom Lom og Sjåk. Kjortelen er datert til år 300.

– Det kan hende vi gjer ei lita utgraving på Holm for å sikre funna, seier arkeologen.

Tidlegare er det gjort fleire gravfunn på Holm og Dahle trur garden kan vere fleire tusen år gamal.

Solveig Holm synest det er svært spanande at tøystykket ho fann kan vere 2000 år gamalt.

– Det er utruleg, men visst fagfolk seier det, stemmer det sikkert, seier Holm.