Hopp til innhold

Dette synet møtte bøndene etter jervebesøket

Levande sau som stod med utrivne auge og knekte kjevar var noko av det som møtte gardbrukarar i Norddal tysdag. Jerven hadde forsynt seg slik at 13 av saueflokken måtte bøte med livet.

Sau angrepet av jerv i Norddal

Dette groteske synet var noko av det som møtte sauebøndene tysdag kveld. Levande sau stod med utrivne auge etter at jerven hadde vore på besøk.

Foto: Bjørn Helge Rønneberg

Etter at ein turgåar tipsa om at han hadde sett sauekadaver i Gråsteindalen i Norddal på Sunnmøre, gjekk sauebøndene til fjells for å leite etter fleire. Det fann dei. På eit lite område fann dei heile åtte sau som var drepne av jerv.

Sau angrepet av jerv i Norddal

Sauane vart overraska av jerv i Gråsteindalen i Norddal. Jerven tok ut til saman 13 sauer.

Foto: Bjørn Helge Rønneberg

Synet av dei fem skadde sauene som dei måtte avlive sjølve var likevel endå meir grotesk, fortel sauebonde og leiar i viltnemnda i Norddal, Bjørn Helge Rønneberg.

– Nokre av dei hadde utrivne auge, andre hadde knekte kjevar og kjøtet mellom framføtene var rive av og ete medan dyra stod der og var i live. Ein skal ha rimeleg kraftig mage for å stå og sjå på dette altså.

Rår bøndene til å hente ned sauene

Bjørn Helge Rønneberg

Sauebonde og leiar i viltnemnda i Norddal, Bjørn Helge Rønneberg, seier ein på lang sikt må prøve å få tømt området for villdyr.

Foto: Privat

13 sauekadaver på ein dag og på eit så konsentrert område, er svært uvanleg, ifølgje Rønneberg, som er oppgitt over situasjonen.

– No har eg drive med dyr i heile mitt liv og eg må seie det at i går kveld var det nok altså. Eg kjente det for fort oppgjennom halsen i går, ja.

Fylkesmannen ber no bøndene om å hente ned dyra sine frå fjellet ekstra tidleg, for å hindre at jerven tek fleire.

– Vår tilråding er at gardbrukarane vurderer å hente ned dyra. Dette er eit frivillig tiltak, så det er ikkje noko pålegg frå vår side, seier fylkesagronom Marianne Aas Halse.

Jerven tek gjerne lam om hausten, for å bygge seg opp matlager til vinteren. Slik at når jerven har byrja å ta lam, så er det sannsynleg at det kan bli tatt fleire, ifølgje Halse.

Sau angrepet av jerv i Norddal

Nokre av sauane hadde jerven forsynt seg av utan å drepe dei. Desse måtte avlivast då dei vart funne.

Foto: Bjørn Helge Rønneberg

– Vi må tømme området for villdyr

Bjørn Helge Rønneberg er sikker på at det finst fleire jerv i området og har difor valt å halde sine sauer nede på innmarksbeite i år i staden for å sleppe dei opp i fjellet.

– Eg kan ikkje ha dei nede på heimebeite fleire år. No må dei til fjells. Samtidig har eg verkeleg store samvitskvalar med å sende dei til fjells når eg veit der er villdyr.

Forslaget frå Fylkesmannen om tidlegsanking av sau, som eit strakstiltak mot fleire åtak frå jerven, er ei fallitterklæring, meiner Rønneberg.

– Kvifor skal vi hente ned kulturlandskapspleiarane og rovdyra skal få gå att? Det blir heilt feil etter mitt hovud. Vi må rett og slett tømme området for villdyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL