Hopp til innhold

Dette er Noregs første realfagskommunar

Sande og Giske blir to av Noregs første realfagskommunar. Satsinga er ein del av den nye, nasjonale realfagsstrategien til regjeringa, der målet er at norske elevar skal prestere betre i matematikk og naturfag.

Studenter i arbeid

Sande og Giske er to av 34 norske kommunar som blir med på regjeringa si nye storsatsing på realfag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Utdanningsdirektoratet har valt ut totalt 34 kommunar som blir realfagskommunar i 2015. I alt 65 kommunar søkte om å bli med på satsinga.

– Eit viktig mål med realfagskommunane er å lære korleis barnehagar og skolar kan løfte seg ut av realfagsproblemet vi har i Noreg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

– Skal norske elevar bli betre i matematikk og naturfag må vi styrke den lokale innsatsen – i den enkelte kommune, og i den enkelte skule og barnehage, held han fram.

Heilskapleg satsing

Utdanningsdirektoratet har lagt vekt på at realfagskommunane skal ha ein heilskapleg satsing på realfag både i skular og barnehagar. Kommunane skal også samarbeide med lokalt næringsliv og lokale kompetansemiljø innan realfag.

Røe Isaksen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner norske skular har eit alvorleg realfagsproblem.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Øystein Johansen, kommunalleiar for kultur og oppvekst i Sande kommune, meiner tiltaket kan bidra til ei meir målretta kompetanseheving.

– På denne måten kan vi samordne og løfte kompetansen til det beste for elevane. I tillegg forpliktar vi oss til å gjennomføre tiltak, samtidig er det ei draghjelp i form av økonomisk støtte, så eg er svært fornøgd med at vi blei valt, seier Johansen.

– Eg er overraska over at fleire ikkje har søkt, held han fram.

– Alvorleg realfagsproblem

Dei 34 realfagskommunane skal spegle utfordringane for realfag i Noreg. Difor har både kommunar med svake resultat og kommunar med gode resultat har blitt valt ut. Det har også vore viktig med ulik storleik og geografisk spreiing for å få flest mogleg erfaringar.

Røe Isaksen meiner norske skular har eit alvorleg realfagsproblem.

– 37 prosent av elevane som kom opp i skriftleg eksamen i matematikk på 10. trinn i fjor, fekk karakteren 1 eller 2. Samtidig veit vi at karakteren elevane får i matematikk, er det som har størst betydning for om dei greier å fullføre vidaregåande skule eller ikkje, seier kunnskapsministeren.

Severin Roald, pedagogisk rettleiar i Giske kommune, meiner det er eit klart behov for å heve realfagskompetansen blant elevane.

– Når vi får eit tilbod om å samarbeide med dei sterkaste fagmiljøa i Noreg så er det klart vi søkjer, seier han.

Roald meiner satsinga kan ha positive ringverknader både for lærarar og elevar.

– Vi har tronge midlar til kurs og kompetanseutvikling. Med desse midla kan vi gjere ein meir solid jobb enn vi kunne gjort elles, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL