Hopp til innhold

Dette bør du tenke på før du kjøper ski til topptur

Skisesongen er snart i gang. Vi gir deg dei beste tipsa før du handlar nye ski.

Mange vil ha norske ski

Interessa for å kjøpe ski er stor på SkiBaluba i Ålesund.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Den første snøen har lagt seg på fjelltoppane og laurdag vart skisesongen sparka i gang i Ålesund med landets største skiutsal, Skibaluba.

17 år gamle Nikolai Jensen frå Grytastranda har bestemt seg for kva for ski han vil ha. Det er ein norsk leverandør som har utvikla dei, og han let seg ikkje skremme av ein prislapp på 8000 kroner.

Nikolay Jensen kjøper ski i Ålesund

Nikolay Jensen 17 år er kresen på val av ski. Desse skal vere med på mange turar

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Desse skia vel eg fordi dei er 101 mm brei på midten, og då vil dei gi god flyt på laussnø. Samtidig vil dei framleis ha gode køyreeigenskapar i meir våt snø på våren, seier han. For Nikolai er det topptur som gjeld, men han vil og kunne bruke skia i skibakken viss han ein sjeldan gong skulle ønske det.

Fleire vil ha norske ski

– Norske ski tek ein større bit av Randone-salet no enn før, det seier Brede Birkeland.

Han er dagleg leiar for Platou sport i Norge. Årsaka til det kan mellom anna vere at fire av dei store skileverandørane har begynt å samarbeide, noko som gir dei større slagkraft i marknaden, seier han. Brede Birkeland er i Ålesund med det omreisande skutsalet SkiBaluba.

Leverandørane veit veldig godt at folk flest ikkje har pengar til å kjøpe ski til alle mulige slags forhold. No har det komme ski som dekker dei fleste forhold og som kan brukast både på topptur og i skibakken, seier han

BredeBirkeland viser fram to ulike type ski

-Skien til venstre er smalare og lettare å gå på tur med, men gir ikkje like god stabilitet som skia til høgre som er breiare og gir betre stabilitet, seier Brede Birkeland

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– For nokre år sidan var topptur-skia veldig breie, men no klarer leverandørane å lage ein ski som flyt godt på laussnøen sjølv om dei er litt smalare. Det handlar mellom anna om korleis tuppen er forma ut, og når skia har ein liten rocker vil dei stige lettare i laussnøen. Svingkurva på skia er og flytta litt lenger nedover, slik at du får eit større område på tuppen. Då flyt den betre.

Tenk gjennom bruken

Før du kjøper ski er det viktig å tenke gjennom bruken.

Er du typen som går på fjellet med pulsklokke og tights for å trene, eller meir typen som er på tur med god tid for å nyte og finne den perfekte nedkøyringa.

Erling Grøstad som er dagleg leiar i SGNskis seier dei sel mykje av dei norske skia som er utvikla i Sogndal.

– Vi har blitt veldig gode på å lage ski som er tilpassa norsk natur, seier han. No har dei inngått eit samarbeid med dei tre andre norske leverandørane Stereo Skis, Åsnes og Moonlight.

Erling Grøstad viser fram norskutvikla ski

Skien Rakkar sel vi godt av, seier dagleg leiar i SGNskis Erling Grøstad

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Tidlegare krangla vi om ein veldig liten del av marknaden, men no ser vi at vi alle vinn mykje ut av å samarbeide om marknadsføring og det å jobbe seg inn mot butikkane, seier han.

Stor turinteresse

Oscar Almgren driver Uteguiden med base i Stranda. Han seier at interessa for å gå på tur er så stor at dei ikkje har nok kapasitet til å dekke behovet i dag.

– Vi har dobla talet på turar kvart år, seier han

Fjellføraren sitt råd er å kjøpe ein ski mellom 90 og 105 mm under foten.

– Då får du ein ski til det aller meste, seier han. Det er dyrt med topptur-utstyr, men du treng ikkje kjøpe dei aller dyraste for å få god kvalitet, seier han.

Prisen handlar ofte om materialval. Karbon er lettare, men dyrare. Toppturski har hatt ei enorm utvikling siste tiåret. Almgren meiner folk kan få kjempegodt utstyr for opp mot 10 000 kroner.

– Eit par med ski er nok for meg i alle fall. Eg bruker same ski på topptur som i skibakken, seier han.

Oskar Almgren fra Uteguiden gir råd om kjøp av ski

Oskar Almgren som driv Uteguiden opplever stor etterspørsel etter guida turar

Foto: Jannicke Farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL