Hopp til innhold

Dette betyr låg oljepris for Møre og Romsdal

Den låge oljeprisen og kva den har å seie for det lokale næringslivet, er eitt av mange tema som blei drøfta på ein stor investorkonferanse i Ålesund i kveld.

Den låge oljeprisen og kva den har å seie for det lokale næringslivet, er eitt av mange tema som blir drøfta på ein stor konferanse i Ålesund akkurat no. Meir enn 450 deltakarar er med på konferansen, som blir arrangert av Sparebanken Møre for niande året på rad.

Sjeføkonom Inge Furre og Karl Johan Bakken, konsernsjef for Farstad Shipping, ved konferansen Børs og Bacalao i Ålesund.

Meir enn 450 deltakarar er med på konferansen Børs og Bacalao som blir arrangert av Sparebanken Møre for niande året på rad.

Dei som deltek på Børs og Bacalao er hovudsakleg investorar, lokale næringslivsleiarar og andre som aktivt følgjer med på verdiskapinga i fylket.

Inge Furre, sjeføkonom i banken, fortel frå konferansen at det framleis ser ganske bra ut for Møre og Romsdal trass dei låge oljeprisane.

– Men dei som leverer til oljeindustrien merker sjølvsagt at oljeprisen er nesten halvert sidan sist sommar, seier Furre.

Dreg nytte av svak krone

Han er klar på at oljerelaterte næringar i fylket vil få utfordringar, men andre kan drage nytte av ei svakare krone.

– Vi får framleis vekst i fylket, men veksten blir ikkje sterk nok til å hindre at arbeidsløysa aukar litt. Men det mindre tilbakeslaget vi har vil nok vere av kortvarig karakter, seier han.

  • Sjå innslaget øvst for fleire detaljar om den låge oljeprisen.

Det faglege innhaldet i konferansen er knytt til presentasjonar frå lokale børsnoterte selskap. I tillegg er dei også innom aktuelle tema som påverkar aksjemarknaden.