Eiksundtunnelen blir verdas djupaste tunnel med sine 287 meter, og skal vere ferdig hausten 2007.
Ørsta Stål
Pladsen har vore på Ørsta Stål for å undersøke ein ny type brannsikker tunnelkledning.
Tunnelkvelven som Ørsta Stål har hatt under utvikling i tre år, består av glassfiber og brukar fenol som bindemiddel.
Dette gjer det svært brannsikkert.
Har bestått branntest
No er kvelven i ein godkjenningsprosess, men har allereie bestått branntestar som er gjort etter dei reglane som gjaldt då.
Men reglane er under forandring så det gjenstår å sjå om det held mål etter dei nye reglane.
Oddbjørn Pladsen seier dei heile tida er opne for ny utvikling av tryggleiksutstyr.