Hopp til innhold

Det kan bli kvit 17. mai

Det er berre å leite fram ullstillongsen til nasjonaldagen. Meteorologane melder gult farevarsel for snø natt til 17. mai.

Snø i Møre og Romsdal natt til 17. mai.

Snøgrensa kryp langt nedover 17. mai.

Foto: yr.no

Medan fjorårets nasjonaldag nesten blei i varmaste laget for bunad, ser det ut til at dei fleste i Møre og Romsdal slepp å sveitte i bunaden i år.

Snø i indre strøk

Varselet frå Meteorologisk institutt er:

«I perioden frå tysdag kveld til onsdag morgon er det venta sludd- og snøbyer, og fare for snø i låglandet i indre strok. I fjellet er det venta meir snø.»

Dette står i skarp kontrast til fjorårets store nasjonaldagsfest i strålande sol og varme.

Hasundhornet i Ulsteinvik kvelden før 17. mai 2022.

Sjå bileta frå 17. mai i Møre og Romsdal 2022.

Foto: Janett Tandberg

Liten kuling

Meteorolog Geir Ottar Fagerli, seier det kalde vêret startar 16. mai.

– Eg må trekke inn 16., for det er noko som skjer då som er veldig sentralt for 17. I løpet av ettermiddagen skal det utvikle seg eit ganske kraftig lågtrykk nordvest for Møre og Romsdal, fortel han.

Geir Ottar Fagerli

Meteorolog Geir Ottar Fagerli melder kaldt og kvitt 17. mai.

Dette lågtrykket vil føre til at temperaturen blir lågare utover ettermiddagen og kvelden 16. mai.

– Og natt til 17. mai og om morgonen på nasjonaldagen er det nok fare for at det kan kome snø veldig langt ned i fjella.

Meteorologen trur også at det kan bli kvite markar heilt ned i låglandet i indre strøk.

– Det er veldig kjølig luft som er på veg, så det kan vere kvitt mange plassar i Møre og Romsdal 17. mai morgon.

I tillegg til snø, har meteorologane dette å by på for Møre og Romsdal 17. mai 2023:

«Nordvest bris, frisk bris til liten kuling utsette stader. Regnbyer, sludd- og snøbyger i indre og høgareliggande område. Utover dagen minkande vind og mindre byeaktivitet.»