Hopp til innhold

Mørebenkens yngste har funne plassen sin

I dag samlar det nye Stortinget seg for fyrste gong etter valet. Den yngste på Mørebenken, Fredric Holen Bjørdal, samanliknar desse spennande dagane med fadderveka på universitetet. I formiddag prøvde han stolen sin for fyrste gong.

Fredric Holen Bjørdal

Her skal Fredric Holen Bjørdal (23) ha plassen sin i Stortingssalen. Han er representant nr.5 frå Møre og Romsdal, og har fått seg bord og stol heilt for seg sjølv.

Foto: Terje Reite / NRK

Fredric Holen Bjørdal (Ap) kviskreropar diskret for å få kontakt med ein av stortingsbetjentane. Betjenten deler ut dei aller første dokumenta i timen før det nye Stortinget skal møtast for fyrste gong.

Veit du kva som er plassen min, seier han til betjenten.

Betjenten lyser opp i eit smil. Ho har høyrt om den unge representanten frå Møre og Romsdal før. Ho kan fortelje at ho har hatt omvisning i sommar, og like etter valet var det folk som spurte etter kvar Fredric Holen Bjørdal skal sitje.

Det var ei her som til og med tok bilete av plassen din. Eg trur ho kjende mor di, seier betjenten og smiler.

Fredric Holen Bjørdal

Her skal Fredric Holen Bjørdal bu i fire år, minst. Han medgir at han ikkje har fått det heilt heimekoseleg enno. Men så har han disponert leilegheita i berre halvannan time på dette tidspunktet.

Foto: Terje Reite / NRK

– Arbeidarpartiet skal ha medverknad

Fredric Holen Bjørdal finn plassen sin. Og han gjev uttrykk for at det er ei god førstegongskjensle. Dei aller fleste representantane sit to og to saman. Fredric Holen Bjørdal har fått ein av ein-sete-plassane som er plasserte innimellom radene i seinare tid. Det tykkjer han er greitt. Og no gler han seg til å ta fatt.

Mykje av makta blir liggande i Stortinget no når vi har ei mindretalsregjering. Eg trur Arbeidarpartiet skal få stor innverknad, sjølv om vi måtte gje frå oss regjeringsmakta, seier han.

I ein slitt hybel med tomklang

Det er flyttesjau for mange av Noregs fremste politisk valde kvinner og menn. Rundt om i Oslo har Stortinget fleire hyblar for representantar som kjem frå distrikta.

Fredric Holen Bjørdal har fått seg hybel omtrent midt mellom Slottet og Bislet. På dørklokkene nede ved gata kan vi lese namna til både Oskar Grimstad, Harald Tom Nesvik og tidlegare representant Svein Gjelset.

Sambuaren min fekk det som ho ville. Ho ville at eg skulle få ein sliten hybel, slik at eg blir endå meir ivrig etter å kome heim, ler den unge stortingsrepresentanten.

Men han seier det med ein god porsjon spøk. Han og sambuaren har nettopp flytta inn i nytt hus i Hovdebygda. Og han har frå fyrste stund gjort det klart at han ikkje har tenkt å busetje seg i Oslo.

Eg skal heilt klart vere vekependlar. Det er i Hovdebygda eg skal bu, seier han.

Har nettopp flytta inn

Men han har rett i at det slett ikkje er nokon luksus dei bur i dei som er representantar på Stortinget. Dette bygget blei teke i bruk i 1977, og det står omtrent som det gjorde då det var nytt.

Og det såg kanskje litt ekstra stussleg ut denne dagen, berre halvannan time etter at han hadde låst seg inn for fyrste gong. Og romklangen blir kanskje ekstra påtrengande, før det har kome teppe på golvet, bilete på veggane og ein plante eller to.

Fredrik Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal kunne godt tenkje seg å skifte ut denne sofaen. Sjølv er Holen Bjørdal 23. Sofaen skal ha stått her sidan bygget var nytt, i 1977.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vil gjerne forandre litt

Fredric Holen Bjørdal ser seg rundt i den tomme hybelen. Det er berre halvannan time sidan han kom inn på hybelen for fyrste gong.

Altså, eg har absolutt fått ein plass der det går an å bu. Men eg håpar at eg får lov til å forandre litt her. Eg skal bu her i fire år, minst, seier han og legg til at det skal nok gå bra dette også.

Men det finst reglar for kva som kan gjerast og bytast ut i desse hyblane. Og han har høyrt at den burgunder syttitalssofaen skal vere svært vanskeleg å få ned trappene.

Kanskje eg kan få nokon hit for å trekkje han om, smilar han og ristar litt på hovudet.

– Børste og papir på plass

Men litt har han fått på plass i løpet av dagen. Oppvaskbørste, toalettpapir og ein TV har kome på plass.

– Her skal vel kome på plass saker og ting litt etter litt. No er det no so nyinnflytta som det går an å vere, seier han.

– Skrekkblanda fryd

Men for all del: Dette er ikkje hovudfokuset til Fredric Holen Bjørdal no. Det viktigaste er at dette er første dagen på Stortinget. Tysdag samlast Stortinget for alvor, og den 9. oktober er det offisiell opning.

– Dette er ein stor dag for meg. Det er skrekkblanda fryd. Det er store forhold og der er mange sterke personlegdomar. Og dette skal bli spennande og interessant.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal på kjøkkenet på hybelen. Det blei ikkje matlaging der denne dagen. I staden blei det ferdiglaga sushi frå butikken på hjørnet.

Foto: Terje Reite / NRK

Skuffa over valresultatet

Fredric Holen var skuffa då det blei klart at Arbeidarpartiet måtte forlate regjeringskontora. Han ønskte svært sterkt at partiet hans framleis skulle styre landet, saman med SV og Senterpartiet.

No meislar vi ut korleis Arbeidarpartiet skal jobbe i opposisjon. Eg hadde sjølvsagt ønskt meg at vi framleis skulle vere partiet som styrte landet, seier han.

– Det praktiske skal på plass

Situasjonen for Fredric Holen Bjørdal har vore ein langt annan enn det arbeidet mange på den borgarlege sida har drive dei siste dagane. Mens dei borgarlege har smidd storpolitikk, har Fredric Bjørdal fått konsentrere seg om meir praktiske detaljar.

– Dei har drive på i tre veker, og vi kjenner vel ikkje heilt det endelege resultatet. Eg har vore her i halvannan time, og skal snart ha alt på plass, skrattar han. Neidå, det er heilt rett. For meg har det viktigaste vore dei praktiske tinga no, med å få meg stad og bu og eit kontor. Kontor får vi vel ikkje før det er avgjort kva komite vi skal sitje i, rett nok, legg han til.

– Får spennande oppgåver

Måndag var det møte i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Der vart det sett ned eit utval som skal drive fram arbeidet med å fordele representantane på komiteane.

– Det er eit heilt ope spørsmål kva komite eg blir plassert i. Men det ser ut til at eg får spennande oppgåver, sjølv om eg er yngst og er førstereisgut, seier han.

– Nesten som fadderveka

I dag, tysdag, er det altså første dagen for det nye Stortinget. Denne dagen fekk han prøve setet på plassen sin i stortingssalen for fyrste gong. Og det er heilt reelt, han hadde ikkje prøvesite denne plassen før NRK var med han inn i salen tysdag formiddag.

– Nei, eg har ikkje prøvd stolen der enno, seier han på veg inn. Men dette er spennande. Og det er nesten slik at du kan trekkje parallellar til fadderveka på universitetet. Alt er nytt og alt er spennande.

– Utsikt frå hybelvindauget?

Om hybelen kan sjå sliten ut, er utsikta upåklageleg. Hybelen kneisar på ei høgde litt ovanfor slottet, og ikkje fullt så langt nord som Bislett. Frå stolen ved vindauget har Fredric Holen Bjørdal utsikt over taka i Oslo sentrum, der SAS-hotellet, Radisson Blue, dei nye bygga i Bjørvika og Oslo Rådhus stikk opp som markante byggverk.

– Vel, no er no eg van til å ha utsikt til sunnmørsfjella i Ørsta. Så det kjem no ikkje i heilt same kategori, sjølv om betongjungel også kan vere tiltalande.

– Vil gjerne ha oppvaskmaskin

Og han er godt i gang med å få alle brikkene på plass. Men ein ting saknar han. Oppvaskmaskin. Han ønskjer seg veldig oppvaskmaskin, og har allereie notert seg at nokre av dei andre hyblane har fått installert slik luksus.

– Ja, nei, eg må vel kunne setje inn ei oppvaskmaskin. Men eg er på gang. Og no har eg også sikra meg ein vasskokar, eg har kaffi og eg har fått på plass Internett, seier han, før han gjer seg klar til å fikse det første måltidet på stortingshybelen.

– Skal du til og lage mat no?

– He, he. Nei, det ligg ikkje så godt til rette for så mykje matlaging her enno. Men eg har rukke å orientere meg litt i nabolaget. Dei sel sushi rett nede på hjørnet her. Eg trur det blir det som blir dagens middag, seier han, klar for sitt første måltid i sin nye, gamle hybel som framleis har ny-innflyttings-romklang.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal i den kjende vandrehallen. Herifrå går mange av dei direktesende TV-innslaga frå. Vandrehallen ligg like utanfor sjølve Stortingssalen.

Foto: Terje Reite / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL