NRK Meny
Normal

Deltakarrekord på Svartløken Offroad

I dag gjekk startskotet får årets Svartløken Offroad i Skodje. Fleire hundre hadde møtt opp for å prøve seg i terrenget.

sykkelritt

OPPMØTE: Det var rekordmange deltakarar under dagens ritt i Skodje.

Foto: privat

– Vi er kjempenøgde med oppmøtet, seier Jan Arve Mork i Ålesund og Omegn Cykleklubb.

I opplett og overskya vêr kunne dei frammøtte teste seg i den 46 kilometer lange løypa i terrenget rundt Svartløken i Skodje.

Deltakarrekord

Både store og små hadde møtt opp for å delta på dagens sykkelritt. Svartløken Offroad har vore arrangert i ei årerekke og i år var det totalt 188 som deltok på turrittet, og 17 på ungdomsrittet.

– Eg vil seie at arrangement har vore svært vellykka. Det var utruleg godt oppmøte og ny deltakarrekord med god margin, seier ein tydeleg nøgd Mork.

sykkelritt
Foto: Privat

Dagens arrangement var delt inn i to ritt, eit turritt og eit ungdomsritt. Ungdomsklassene er i tillegg ein del av ungdomscupen i Møre og Romsdal.

– Det er supert for dei lokale ungdomane å ha eit slik tilbod, seier Mork.

Dette er andre året rittet er eit seedingritt til Birkebeinerrittet.

– Det har vore eit løft for oss. Det har bidratt til å halde talet på påmelde stabilt, seier Mork.

For sjølv om terrengsporten eksploderte for nokre år sidan, har fleire ritt slite med deltakartal dette året. Mork er nøgd med oppmøtet

– Det at vi kan halde fram med gode deltakartal er morosamt, held han fram.

Opent for alle

Til trass for at rittet er eit seedingritt til Birkebeinarrittet påpeikar Mork at arrangementet er ope for alle.

– Det er klart at vi har nokre deltakarar som er litt over middels interessert i sykling og som er i ganske god form, men det er opent for alle.

Og blant dei som var over middels interesserte i sykling var det to som var fyrst over mållinja i kvar si gruppe. Beste mann blei Johannes Reiten frå Trollheimen SK med tida 1:36:45 og beste kvinne blei Fredrikke Pettersen frå Lyngstad med tida 1:57:55

I ungdomsrittet fekk ein følgjande klassevinnarar:
K 13–14 Heidi Indergård,
M 11 -12 Sigve Ulleland, Molde CK
M 13–14 Håkon Nore Bjerkvik, Ålesund OCK
M 15–16 Oskar Mjelde Mork, Ålesund OCK

Mork meiner likevel at sykkelturen i seg sjølv er verdt deltaking, uansett kor godt trente deltakarane er.

– Løypa ligg i eit området med svært vakre naturomgivnader og flotte stiparti, så du får dei flott opplevinga kjøpet, fortel Mork.