– Det er litt ubehageleg å sykla blant bilane. Eg begynte akkurat å sykla, så eg er ikkje så vant til å forholda meg til trafikken.
18 år gamle Eiel Gjerstad har stoppa sykkelen ved gangfeltet på Florida i Bergen. Forbi han køyrer bussar, bybane og personbilar.
Skuleeleven tenker seg godt om då han blir spurt om statistikken for syklistar.
Tal frå Statens vegvesen viser nemleg at det er blitt farlegare å vera syklist i dei største byane i Noreg dei siste tiåra.
I dei ni storbyområda i landet var det 38 prosent fleire drepne og hardt skadde syklistar i perioden 2018-2021, enn i perioden 2004–2007.
– Det gir jo meining. Om ein krasjar på sykkel er ein «finito», seier Gjerstad.
SYKLAR TIL SKULEN: Eiel Gjerstad har akkurat begynt å sykla til og frå skulen.
photo: Synne SørenesSYKLAR TIL SKULEN: Eiel Gjerstad har akkurat begynt å sykla til og frå skulen.
photo: Synne SørenesStatens vegvesen: Må fokusera meir på syklistar
– Ulykkesbiletet i dei største byane har endra seg betydeleg på relativt få år, seier Sigurd Løvset i Statens vegvesen.
Han har vore med på å skrive ein rapport levert til Samferdsledepartementet 1. juni i år.
Der anbefaler Statens vegvesen styresmaktene å fokusera meir på tryggleiken til syklistar i norske byar.
Blant anna trekk dei fram forskjellen på bilistar og syklistar i trafikken:
- Frå perioden 2004–2007 til 2018-2021, har talet på drepne og hardt skada bilistar gått ned med 62 prosent.
- I same periode har talet på drepne og hardt skadde syklistar auka med 38 prosent.
Guro Ranes i Statens vegvesen forklarar at dei brukar gjennomsnittet drepne og hardt skadde over fire år, for å utjevna tilfeldige variasjonar frå år til år, som mykje regnvêr eller snø.
– Perioden 2004-2007 er noko tilbake i tid og blir vurdert som representativ når me skal samanlikna mot ein tidlegare periode, seier Ranes.
Grafen under viser korleis talet på drepne og hardt skadde syklistar i dei ni største byområda i Noreg har endra seg dei siste 19 åra.
Fleire syklistar – fleire ulykker
Sigurd Løvset understrekar at tala er basert på politirapporterte ulykker og at det mest truleg er langt fleire som skadar seg på sykkel enn det statistikken viser.
– Me seier at det er 10 gongar så farleg å vera syklist som bilist, men truleg er tala langt høgare. Det er mykje underrapportering når det gjeld ulykker på sykkel, seier Løvset.
Løvset meiner tala har auka til dels fordi det er langt fleire som syklar no, enn før.
– Men mens det har blitt tryggare og tryggare å vera bilist, har me ikkje sett same utviklinga for syklistar og gåande. Det meiner me det bør fokuserast meir på, seier han.
I 2004 var det sju gongar fleire drepne og hardt skadde bilistar enn syklistar i dei største byane.
I 2021 var det like mange som skada seg på sykkel som i bil, viser Statens vegvesen sin ulykkesstatistikk.
Ynskjer seg samanhengande sykkelveg
– Dette er berre triste tal, seier generalsekretær i Syklistenes landsforeining, Eline Oftedal. Ho seier mange droppar å sykle fordi dei er redde for å skada seg.
– Den største hindringa for folk som ynskjer å sykla, men som ikkje gjer det, er at det ikkje kjennast trygt, forklarar ho. Dei gjer undersøkingar på temaet annakvart år.
Oftedal meiner bygging av eigne sykkelvegar er det viktigaste tiltaket for å få ned risikoen ved å sykla.
– At ein må inn og ut av område med sykkelveg opplevast utrygt. Mange av ulykkene skjer også i kryss der syklistar møter bilistar.
Ho meiner politikarane burde jobbar hardare for at sykkelvegane dei bygger faktisk heng saman frå A til Å.
– Ein skryt av talet på kilometer med sykkelveg som ein har klart å bygga ut, men snakkar ikkje om kor mange av desse som faktisk heng saman. Ein bygger ikkje bilveg slik, då burde ein ikkje bygga sykkelveg slik, heller.
Lågare fart for bilistar
I rapporten anbefaler Statens vegvesen blant anna å følga betre med på statistikken knytt til skadar på sykkel.
Dei anbefaler også lågare fart på bilistar i byområde og å etablera andre reglar for større køyretøy, som for eksempel lastebilar.
Eiel Gjerstad i Bergen er mest bekymra for å kollidera med andre, store bilar.
– Det er litt ubehageleg når ein må kryssa vegen. Ein må følga med heile tida. Ein kan ikkje mista fokus.
Sjølv om han berre har sykla den siste veka trur han at han kjem til å fortsette, trass i den nokre mørke statistikken.
– Så lenge det er fint vêr så skal eg ta sykkelen.
Hei!
Hei!
Eg er journalist i NRK Vestland i Bergen. Har du eit tips til kva mi neste sak bør handla om?
Tidlegare har eg blant anna skrive om autisme i politikken, «Sosial eggfrysing» og Christine som ingen forstod seg på.