Hopp til innhold

Dei fleste skotne kvalane har foster i magen

Mesteparten av all vågekval som blir fanga av norske kvalfangarar er ho-kval. Og dei aller fleste har foster i magen. Miljøorganisasjonen Greenpeace karakteriserer situasjonen som vanvittig.

Mesteparten av all vågekval som blir fanga av norske kvalfangarar er ho-kval. Og dei aller fleste har foster i magen. Miljøorganisasjonen Greenpeace karakteriserer situasjonen som vanvittig.

Her er eit kvalfoster nettopp henta ut av ein skoten kval på dekket av kvalfangstskuta «Kato». Dei fleste kvalane som blir skotne er hokval, og dei fleste av desse er drektige.

Kvar sommar jaktar mellom 15 og 20 norske kvalskuter etter vågekval i norske farvatn. I 2017 har norske kvalfangarar lov til å ta 999 dyr. Kvoten er langt høgare enn det som faktisk er blitt teke. I 2016 måtte 591 vågekval bøte med livet i møte med 17 norske kvalfangstskuter.

– Dei er som oftast drektige

I dokumentaren «Slaget om kvalen» kjem det fram at 90 prosent av all kval som blir fanga i norske havområde hokval. Dei aller fleste er drektige. Det betyr at det eigentleg langt på veg blir skote to kvalar for kvar vaksne kval som blir skoten.

Dag Myklebust

Dag Myklebust er skipper og skyttar på kvalfangstskuta «Kato».

Foto: Trygve Berge / NRK/Bergefilm

– Ja, reint matematisk er det slik. Vi har eit profesjonelt forhold til dette. Så dette reflekterer vi ikkje over. Hokvalane er som regel drektige når dei kjem til norske farvatn, seier kvalfangar Dag Myklebust til NRK.

Vågekvalen er i norske farvatn frå tidleg om våren til eit godt stykke ut på hausten. Mykje tyder på at vågekvalen er i varmare strok frå oktober til mars. Det er då paringa gjeng føre seg. Dermed er vågekvalen drektig under fangsten som går føre seg i norske farvatn.

– Fullstendig vanvittig

Miljøorganisasjonen Greenpeace har i mange år kjempa mot norsk kvalfangst. I periodar var kampen så hard at også Greenpeace Norge vedgår at metodane som blei brukt har skadd miljøkampen. Men opplysningane om at mesteparten av all vågekval som blir fanga i norske farvatn er drektig får organisasjonen til å reagere på nytt.

Truls Gulowsen

Truls Gulowsen er leiar i Greenpeace Norge.

Foto: Trygve Berge / NRK

– Eg må vedgå at eg ikkje var klar over den omfattande jakta på drektig kval. Det kom som eit sjokk for meg. Eg tykkjer det er fullstendig vanvittig at norske styresmakter tillèt dette, seier Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Norge.

– Ikkje noko problem

Norske veterinærar med spesialkompetanse på kvalfangst har imidlertid eit meir avdempa syn på avlivinga av drektige kvalar. Veterinær dr.med. Egil Ole Øen har på oppdrag frå norske styresmakter arbeidd for å gjere norsk kvalfangst meir human.

Egil Ole Øen

Veterinær dr.med Egil Ole Øen.

Foto: Trygve Berge / NRK/Bergefilm

Det er mange slaktedyr som blir sende til slakteriet i drektig tilstand. Vi reknar ikkje dette som noko problem, seier veterinær Egil Ole Øen.

Heller ikkje kvalfangarane ser problemet med at kval som blir skoten har foster i magen.

– Dette er eit sunnheitsteikn. Det viser berre at kvalen er frisk og sunn, seier kvalfangar Dag Myklebust på kvalfangstskuta «Kato».

– Internasjonal motstand

Greenpeace åtvarar no norske styresmakter mot å halde fram med å tillate jakt på drektig kval.

– Det er vanvittig at norske styresmakter vil halde fram med å tillate dette når ein veit kor mykje motstand dette vil skape i resten av verda, seier Truls Gulowsen.

Norsk dokumentar. For tretti år sidan beslutta den internasjonale kvalfangstkommisjonen at all kvalfangst skulle stansast. Noreg var det einaste landet som ikkje ville rette seg etter dette, og dei internasjonale protestane var sterke og dramatiske. I dag har protestane stilna. Forskarane er einige i at fangst på nokre artar kan væra bærekraftig og at metodane for avliving kan aksepterast. Vi er med på ei moderne kvalfangstskute og får eit blikk inn i korleis fangsten har tilpassa seg krava frå dei fleste miljøorganisajonane og andre nasjonar.

Sjå dokumentaren «Slaget om kvalen».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL