Hopp til innhold

– Kampen mot kvalfangsten blei ei belastning

På 80- og 90-talet førte miljøorganisasjonen Greenpeace ein beinhard kamp mot norsk kvalfangst. No vedgår leiaren i Greenpeace Norge at aksjonane har gjort det vanskeleg å nå fram med andre miljøsaker.

På 80- og 90-talet førte miljøorganisasjonen Greenpeace ein beinhard kamp mot norsk kvalfangst. No vedgår leiaren i Greenpeace Norge at aksjonane har gjort det vanskeleg å nå fram med andre miljøsaker.

Det var tøffe tak under kvalfangstaksjonane på 80- og 90-talet.

Det var omfattande og nærast fysiske kampar som blei kjempa mot den norske kvalfangsten. Ikkje sjeldan hadde Greenpeace direkte konfrontasjonar med norske kvalfangarar på ein slik måte at Kystvakta valde å gripe inn. Aksjonistane frå Greenpeace klatra i fasadane på bygningane til både Utanriksdepartementet og Fiskeridepartementet, hengde opp banner og gjennomførte demonstrasjonar ved inngangspartia til departementa.

Greenpeace hvalaksjon

15. april 1993 klatra aksjonistar frå Greenpeace på fasaden til Utanriksdepartementet med klar beskjed om at norsk kvalfangst måtte stoppe.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Til og med i dag er det svært mange i Noreg som assosierer Greenpeace med motstanden mot kvalfangsten.

– Ein del av feila som blei gjorde har gjort det mykje vanskelegare å drive miljøarbeid gjennom Greenpeace i Noreg. Spesielt på kysten, seier leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

Gulowsen trekkjer fram aksjonane der det ikkje var norske aksjonistar med som dei mest pinlege. I ein del av aksjonane blei ikkje den norske delen av Greenpeace involvert i det heile teke.

Truls Gulowsen

Truls Gulowsen er leiar i Greenpeace Norge.

Foto: Trygve Berge / NRK

Då kan ein ikkje rekne med å bli teken på alvor i landet ein aksjonerer i, seier Gulowsen.

Greenpeace var ikkje åleine om å aksjonere mot norsk kvalfangst i denne perioden. Også organisasjon Sea Shepherd med aksjonisten Paul Watson var svært aktiv. Organisasjonen eigde ei rekkje skip, med påmåla både daudinghovud og haikjeftar i baugen. Paul Watson blei dømt etter at han vedgjekk at han opna ein botnventil i kvalskuta Nybrenna i Lofoten i 1992.

Til saman blei seks kvalskuter i Noreg og Island senka i denne perioden.

Willassen Senior

I 2007 blei hvalskuta «Willassen Senior» søkkte ved kai i Svolvær.

Foto: NRK

For mange var det vanskekelg ¨å skilje mellom det Sea Sheperd sto for den og andre miljøorganisasjonar gjorde. Også leiar i Bellona, Frederic Hauge, meiner at dei mest ytterleggåande aksjonane skapte vanskar for resten av miljørørsla.

Frederic Hauge

Frederic Hauge er leiar i miljøorganisasjonen Bellona.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Sea Shepherd sine senkingar av kvalskuter er uakseptabel framgangsmåte i miljøkampen, seier Frederic Hauge til NRK.

I dag balanserer også kvalfangarane arven frå kvalfangstaksjonane, og viser til at dei kan ha hatt positiv innverknad på avlivingsmetodane som blir brukt i kvalfangsten.

– Granatane vi brukar i dag var eit resultat av presset frå Greenpeace. Dette er den største utviklinga som har skjedd innan kvalfangsten. Det blir ein mykje meir effektiv fangst. Det vert «daudskot» og du slepp å måtte avlive skotne kvalar., seier Dag Myklebust, skipper på kvalskuta «Kato».

I dag ville Greenpeace ha lagt opp til ein heilt annan type aksjon om det skulle bli aktuelt.

– Vi ville ha gjort dette på ein heilt annan måte. Vi følgjer andre prinsipp i mesteparten av miljøarbeidet vi driv enn det vi gjorde for 20 – 30 – 40 år sidan, seier Gulowsen.

Sea Shepherd

Her held Kystvakta eit av Sea Shepherd sine skip under oppsyn langs norskekysten.

Foto: Stian Jørgensen