Hopp til innhold

– Ein enkel, svart kaffi er det beste

Dei beste kaffikokarane i fylket kan servere deg ein nydeleg cappuccino, men vert vel så glade om du ber om ein enkel, svart kaffi.

Kaffe og kaffebønner

Ein god gammaldags svart kaffi kan vere det beste ein barista serverer deg, dersom råvarene og kokemetoden er bra nok.

Foto: colourbox.com

Gaute Schrøder

Gaute Schrøder (33) serverer deg gjerne ein enkel svart kaffi om du stikk innom Dromedar i Kristiansund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Mange tenkjer at ein kaffibar er ein stad der ein sel alskens avanserte kaffikombinasjonar. Men den svarte kaffien er utgangspunktet for alt vi lagar, så vi er veldig stolte av å lage rein svart kaffi.

Det forklarer Gaute Schrøder (33) frå Dromedar kaffibar i Kristiansund som hamna på ein tredjeplass i årets regionale meisterskap i baristakunst. Han seier at god gammaldags svart kaffi ikkje er så uglesett som før blant baristaane.

Vi er veldig glade i dei som berre vil ha svart kaffi, for då kan vi få vist dei kor god vanleg svart kaffi faktisk kan vere, seier han vidare.

– Svart kaffi er som vin

Likevel var det ikkje berre rein kaffi dommarane var ute etter då det regionale meisterskapet i kaffikunst gjekk av stabelen i Ålesund måndag. Kvar av dei seks deltakarane måtte diske opp med ein eigenkomponert espresso, cappuccino og spesialdrikk i løpet av ein halvtime.

Den som gjorde det aller best, var Marianne K. Gjeldnes (28) som også jobbar på Dromedar kaffebar i Kristiansund. Sjølv om ho kan blande saman kaffi, mjølk og anna til alle slags gode smakar, er ho heilt einig med kollegaen sin i at rein, svart kaffi ofte er det beste.

– Kaffi er litt som vin. Ei god bønne kan gje nydeleg smak, og då kjenst det somme gonger litt dumt å måtte vatne ut smaken med mjølk og andre ting, seier ho.

Artikkelen held fram etter bildet.

Eero Taina og Marianne K. Gjeldsnes

Eero Taina, barista på Lyspunktet i Ålesund og Marianne K. Gjeldnes, barista på Dromedar kaffebar i Kristiansund, går vidare til NM-finalen i Drammen i april.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Gode råvarer

Anne Birte Bjørdal Hanken er dagleg leiar ved kaffibrenneriet Jacu som er vert for årets meisterskap. Hanken har vore kaffientusiast heilt sidan dei første kaffibarane poppa opp i Noreg. Ho kan bekrefte at den generelle kaffitrenden er rein, svart kaffi.

– Det er tilbake til det heilt enkle. Vekk med maskinene og brygg kaffien for hand slik ein alltid har gjort det på hytta eller over bålet!

– Det dreier seg mykje om råvarene og at ein ikkje skal øydeleggje den gode smaken med ein dårleg traktar, forklarar ho vidare.

Under det regionale meisterskapet var det også svart kaffi, espressoen, som vart vektlagt mest.

– Ein espresso skal ha mykje smak: både syrleg, søt, fruktig og bitter. Espressoen skal vere alt i ein liten sup. Det skal vere eit smakskick, seier Hanken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL