Hopp til innhold

Dårlege tider gjer at foreldre må jobbe enda meir dugnad

Breiddeidretten kjem til å merke konsekvensane av at det er tunge tider i næringslivet, trur dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrins, Bjørn Oskar Haukeberg.

dugnad fotball

Fotballkrinsen trur fleire klubbar må ty til meir dugnad i dårlegare tider for næringslivet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei siste åra har det gått så det susar i norsk og lokalt næringsliv. Dette har det blitt ei endring på. Olje- og gassnæringa står i stampe, og verftsnæringa som står så sterkt lokalt, har færre oppdrag og har permittert eller sagt opp tilsette.

– Det blir nok dermed vanskelegare å få støtte frå næringslivet, seier Haukeberg. Og då må idrettslaga få inntekter på andre måtar. Tiltak som meir loddsal, meir vaffelsteiking, meir dugnad og meir eigenbetaling frå spelarar og foreldre er dei næraste alternativa.

Mindre pengar

Bjørn Oskar Haukeberg

Bjørn Oskar Haukeberg trur klubbane vil verne om tilbodet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Når næringslivet strammar inn får det konsekvensar. Men Haukeberg trur ikkje alternativet er å kutte ned på aktivitetstilbodet.

– Det vil nok vere siste utveg for dei fleste klubbar.

Haukeberg seier det varierer frå klubb til klubb, og også frå region til region, kor mykje støtte næringslivet har bidratt med. Han trur at dei som har fått mest støtte i gode tider er dei som må tenke mest nytt no i dårlegare tider.

Den daglege leiaren av fotballkrinsen meiner det positive er at mykje av støtta har gått til meir varige tiltak, som til dømes anleggsutvikling.

– Det er ikkje berre drift pengane har gått til. Så manglande sponsorstøtte fører i mindre grad til eit redusert tilbod, og i større grad til at utbygging av anlegg må vente.

Budsjettert med nedgang

Sindre Eid

Marknadssjef Sindre Eid seier sponsorane er lojale, men ventar nedgang.

Foto: magnus gamlem

Marknadssjef Sindre Eid i Hødd stadfestar at det er meir utfordrande tider i næringslivet. Klubben har difor budsjettert med ein nedgang på om lag 10 prosent på marknadsinntektene sine.

– Samtidig merkar vi ein sterk lojalitet frå bedriftene, som ønskjer å strekke seg langt for å vere med og støtte.

Eid fortel at totalen for i år blir bra, for sjølv om nokre har justert ned støtta har andre justert opp. Men han vedgår at han er spent på dei komande åra.

– Som klubb har vi vore medvitne på å halde kostnadene nede og har hatt god økonomistyring. Dugnad kan vere eit alternativ dersom inntektene uteblir, men vi har også planar om ein del nye prosjekt.

Høddvoll er nyleg oppgradert og marknadssjefen er glad dette blei realisert før den økonomiske nedturen starta. Hødd er ikkje berre ein toppfotballklubb, men og ein stor breiddeklubb med rundt 700 aktive barn og unge.

På genserne deres står det: Dugnad er digg

Breiddeklubbane må ha ei positiv innstill til dugnad framover.

Foto: Kristine Masdal Aadne / NRK

– Vi trefte godt der, og det hadde nok vore vanskelegare å få til no, sjølv om næringslivet i og rundt Ulsteinvik er positive til Hødd, seier Eid.