NRK Meny
Normal

Cup-stemning på radio

Laurdag formiddag har NRK Møre og Romsdal direktesending frå Oslo sentrum. Slå på radioen og kom i cup-stemning du også.

Arne Flatin

Arne Flatin sender frå Aafk-leiren Spikersuppa, medan reporter Rune Hustad er på plass hjå MFK-folket på Youngstorget

Foto: Terje Reite / NRK

Du kan også høyre sendinga på nettradioen. Klikk på lenka og velg Møre og Romsdal.

Cup-stemning

Det er ei fantastisk cup-stemning i Oslo sentrum laurdag formiddag.

Foto: Terje Reite / NRK

12.00-14.00

Sendinga frå NRK Møre og Romsdal varer i om lag to timar. Ho tek til rett etter nyheitene klokka 12.00 og varer fram til klokka 14.00.

Våre fotballekspertar Arne Flatin og Rune Hustad opnar radiosendinga frå sentrum i Oslo laurdag etter nyheitene på P1 klokka 12.

Arne Flatin tek plass i AaFK-leiren i Spikersuppa. Rune Hustad slår lag med MFK som har hovedkvarter på Youngstorget.

Cup - radio og nett

Kuppar Oslo-helga

Rune Hustad og Arne Flatin

Stor stemning i Oslo

I Oslo er stemninga stigande, med stort innrykk av både Sunnmøringar og Romsdalingar. Aafk-supportarane fargar spikersuppa oransj, og i Torggata og på Youngstorget dominerer MFK og det blå.

Kjerstad, Valbø, Eriksen

Evy Rogne Kjærstad, Kristin Valbø, Kristin Skar Eriksen, Børge Skar Eriksen, erik Eriksen og Jan Kjærstad koste seg i Saras telt fredag kveld

Foto: NRK Terje Reite