Hopp til innhold

Cup - radio og nett

Ingen billett til cupfinalen? Då er det bra å kunne få stemningsrapportar og direkte overføring både i radio og på nett. Høyr våre reporterar frå Oslo og få med deg stemninga laurdag og søndag. Høyr kampen direkte i P1 på søndag og få med deg den direkte nett-reportasjen både før, under og etter kampen.

NRK P1

Rune Hustad og Arne Flatin
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Cup-stemning frå Oslo sentrum

Våre fotballekspertar Arne Flatin og Rune Hustad opnar radiosendinga frå sentrum i Oslo laurdag etter nyheitene på P1 klokka 12.

Arne Flatin tek plass i AaFK-leiren i Spikersuppa. Rune Hustad slår lag med MFK som har hovedkvarter på Youngstorget.

Direkte rapportering

Sendinga får med seg stemninga i veksling mellom dei to leirane. Programleiarane møter sentrale personar i dei to laga og plukkar opp stemningsrapportar frå dei mange som vil være nær favorittane sine.

Du kan vere sikker på å høyre AaFK-trenar Kjetil Rekdal, Molde-direktør Tarje Nordstrand Jacobsen, NRK sportens Knut Nesbø, fylkesmann Lodve Solholm og mange mange fleire.

Nettreporter på plass

Terje Reite
Foto: Svein Smørdal / NRK

Terje Reite og Åge Andre Breivik er på plass frå morgon til kveld i Oslo sentrum laurdag og søndag.

Dei rapporterer direkte på nettsidene våre med bilde, intervju og stemningsrapportar. Saras Telt i Spikersuppa og Youngstorget er standplassane laurdag, og Ullevaal stadion søndag.

Målet er å skildre stemninga både før og etter den store finalen søndag.

Seiersfesten på TV

NRK er tilstade med fjernsynskamera alle stader både laurdag og søndag. Resultatet får vi først og fremst i reportasjar i nyheitssendingane desse to dagane.

Søndag er vi med på sigersfesten anten i Ålesund eller i Molde i opptak og direkte. På måndag får vi med oss reportasjar frå det som skjedde i helga og stemninga i byane etter finalen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL