Turistsentrum
Frå før eig selskapet Grand Hotell og Hægstad Gård på Hellesylt, og Flakk seier dei no satsar tungt på turisme i bygda.
Hellesylt skal på nytt bli eit turistsentrum på Sunnmøre og tek dermed opp konkurransen med nabobygda Geiranger. I år var det omlag 130 cruisebåtar innom bygda, men i framtida skal det bli langt fleire dersom Spilkagruppen får det som den vil.
Positive signal
Knut Flakk.
Administrerande direktør Knut Flakk seier reiselivet på Sunnmøre vil tene på at det blir ei ny cruisehamn på Hellesylt.
Han trur den nye cruisehamna kan stå ferdig alt i 2005. Hamna skal vere fullverdig - slik at den kan ta imot store båtar.
Signala frå politikarane i Stranda kommune har så langt vore positive, seier Flakk.
Ordførar i Stranda, Frank Sve, seier Spilkasatsinga på Hellesylt er svært gledeleg.