Hopp til innhold

Cox har vakt 24 timar i døgnet

Lavinehundar er klare til innsats og har beredskap i heile påska. Og det er ikkje nokon 8 til 16-jobb å vere redningshund.

Cox

Cox er alltid klar for eit redningsoppdrag.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Odd Einar Tysnes og Cox på tur

Odd Einar Tysnes og Cox har eit godt samspel.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Odd Einar Tysnes og schäferhunden Cox har vore gjennom eit langt treningsprogram for å kvalifisere seg. Cox er no fem år, og har mest truleg fem år att som redningshund.

- Det starta med at eg var ein heilt vanleg hundeeigar. Både hund og eigar er like viktige under eit redningsoppdrag, seier Tysnes.

Må kjenne kvarandre

Cox leter i snøen

Cox leter i snøen.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Hunden og føraren må kjenne kvarandre godt.

- Om ikkje føraren oppfattar at hunden gir signal, kan vi gå forbi ein person som ligg under snøen, sier hundeføraren.

Hunden må og vite kvar han skal søke.

Tidlige pensjonistar

Odd Einar Tysnes og schäferhunden Cox

Odd Einar Tysnes og schäferhunden Cox på tur.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Når redningshunden er ti år, må han godkjennast kvart år.

- Hunden blir som regel pensjonert ved tiårsalderen, på grunn av slitasjen. Med tida blir han dårleg til beins, ledda blir skrøpelege og ryggen likeeins.

Dersom hunden skal kunne jobbe med andre enn eigaren, må han trenast opp til det.

- Alle kan bli redningshundar

Odd Einar Tysnes og Cox

Det er viktig at hunden og føraren kjenner kvarandre godt.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Tysnes er operativ leiar for Norske Redningshundar i Møre og Romsdal.

- I prisippet kan alle hundar bli redningshundar, men hunden må ha godt lynne og god psyke, for han kan bli sett til hardt arbeid med store påkjenningar over lang tid. Og han må ha god jaktlyst, seier Tysnes.

Tre typer redningshundar

Han fortel at det er tre kategoriar redningshundar.

- Først har vi dei som kvalifiserer seg for å jobbe på barmark. Då kan hunden jobbe med alt som har med redning å gjere, men ikkje i snøskred. Ved snøskred må ein sette inn lavinehundar,og ein tredje kategori er hundar med ruin-godkjenning.

Har ein tatt slik etterutdanning, kjem ein på ei internasjonal beredskapsliste, og kan bli tilkalla ved jordskjelv og naturkatastrofer over heile verda.

- For få hundar

I Møre og Romsdal har Sykkylven to ekvipasjar (hund og førar), Ålesund har ein og Sjøholt har ein.

Alle har beredskap 24 timar i døgnet, og dei er trena til alt som krevst av dei ved ei ulukke i påskefjellet.

- Vi har berre fire ekvipasjar for snøras eller lavine i Møre og Romsdal, og det er altfor lite, seier Tysnes.

- Det er særleg ille at vi ikkje har nokon i Ørsta-området. Vi har hatt lavinehundar der i mange, mange år, men akkurat no er der ingen.

Vakt døgnet rundt

Tysnes fortel at når telefonen ringer er det berre å kome seg avgarde. Det gjeld anten ein er i middagsselskap eller om det er midt på natta.

- Når påska set inn, er vi på vakt døgnet rundt. Vi treng ikkje site heime å vente på alarm, vi kan godt vere ute på tur. Men sekken må vere pakka, slik at vi alltid er klare til innsats, seier Tysnes.

- Folk skal vite at vi er her, men aller helst vil vi ha ei god og fredeleg påske, smiler Odd Einar Tysnes.