Hopp til innhold

Vil at foreldre skal lokke barna til sjakkbordet

Sjakk VM 2013 resulterte i ei ekstrem interesse for det hjernetrimmande spelet. Ifølgje sjakkentusiast Arne Unneland har det enno ikkje dabba av. No ser han fram til VM i Sotsji.

Arne Unneland i Aalesund Schaklag

Arne Unneland i Aalesund Schaklag syns det er kjekt at fleire barn vil spele sjakk.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I tre veker skal NRK vise sjakk-VM, og lover å han enda meir fokus på sjølve sjakken i årets TV-satsing.

I dag startar VM i sjakk i Russland og mange kjem til å følgje Magnus Carlsen som skal møte indiske Annand, slik som i fjor.

Auka interesse

Carlsen

Magnus Carlsen mot Vishy Anand under sjakk-VM i India.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Arne Unneland i Aalesund Shacklag fortel at dei har sett ei auka interesse for sjakk etter at Magnus Carlsen kom inn i bildet.

– Veldig mange barn er med og speler. Vi merker at det er mykje lettare å få med folk, seier Unneland.

Han meiner sjakk er ei sunn interesse der ein må bruke hovudet. Nokre er gode i fotball og annan sport, andre gode i sjakk men enkelte er til og med gode i begge deler.

– Sjakk er for alle i alle aldarar, og kan vere ein fin aktivitet på tvers av generasjonar, seier Unneland.

Slår eit slag for sjakken

Han foreslår at foreldre slår eit slag for at barna skal få spele meir sjakk. Ifølgje Unneland kan ein få tilgang til eit rom på skulen, og ha ein spelekveld i veka.

– Mange skular har eige utstyr, viss ikkje kostar det ikkje så mykje å få tak i. Og viss ein oppretter ein barnesjakklubb får ein støtte frå Ungdommens sjakkforbund.

Aalesund shacklag har treningar i Ålesund sentrum, på Ellingsøya og i Spjelkavik. Måndag arrangerer dei ny turnering i Spjelkavk der heile 159 barn er påmelde.