Hopp til innhold

Spelte sjakk i eit av verdas minst besøkte land – enda i sjukdomsmareritt

Da Noregs tredje beste sjakkspelar besøkte Stillehavsøya Nauru, så fekk det så store konsekvensar at han tre veker seinare måtte trekkje seg frå klubb-EM i sjakk.

Johan-Sebastian Christiansen

NAURU: Johan-Sebastian Christiansen var invitert til den vesle øya Nauru ute i det sentrale Stillehavet for å spele sjakk.

Foto: Privat

– Eg hadde ikkje sjanse til å vere der lenger. Eg måtte kome meg heim til Noreg og til legen.

Det seier Johan-Sebastian Christiansen om da han måtte trekkje seg frå europameisterskapen for klubblag i starten av oktober.

Klubben han er medlem av, Offerspill med Magnus Carlsen i spissen, enda opp med å vinne EM-gull. Men da gullet vart delt ut var Christiansen allereie heime i Noreg der han måtte besøke det han sjølv kallar «spesiallege».

Og grunnen til det må ein tilbake til starten av september for å finne.

Da var 25-åringen på besøk på øya Nauru. Eit land som berre får besøk av om lag 130 turistar kvart einaste år. Nauru har av globetrotter og forfattar Gunnar Garfors tidlegare vorte omtalt som «eit av verdas minst besøkte land».

– Eg har vore litt over alt i verda i haust. Spelt sjakk, promotert sjakk og lært sjakk eigentleg, seier Christiansen til NRK.

Frå august til slutten av november har Christiansen reist til Nauru, Singapore, Fiji, Bermuda, den Dominikanske Republikk, Panama, Albania og USA.

Alle landa er besøkt for å drive med sjakk.

  • I romjula kan du følge Johan-Sebastian Christiansen når han skal kjempe om vinstar i VM i lyn- og hurtigsjakk på NRK.

Sjukehusbesøk på Nauru

Han vart invitert til øya Nauru og ei sjakkturnering der som æresgjest etter eit møte med sjakkforbundet på Nauru under Sjakk-OL i 2022.

– Det har vore ein barndomsdraum sidan eg var liten å besøke Nauru, faktisk, seier Christiansen.

Og lenge var alt fryd og gaman på den eksotiske øya. Christiansen spelte sjakk med lokale spelarar og ferierte saman med kjærasten da brikkene var ferdigflytta.

  • Johan-Sebastian Christiansen
  • Johan-Sebastian Christiansen
  • Johan-Sebastian Christnansen

Ein morgon var han invitert med på fisketur og påfølgjande grillkveld med det dei fiska.

– Eg «gaffla» i meg den eine eksotiske fisken etter den andre. Og det smakte så motbydeleg, fortel Christiansen og skrattar.

Johan-Sebastian Christiansen står i grøn t-skjorte og tek på noko saus på ein matrett under grilling av fisk på Nauru.

GRILLING: Johan-Sebastian Christiansen førebur eit måltid han seinare skal få kjenne konsekvensane av.

Foto: Hans Andreas Solbakken / NRK

Og det var akkurat dette måltidet som gav store utfordringar for sjakkesset dei neste vekene.

Dagen etter var han ute og køyrde på scooteren han hadde leigd. Plutseleg spratt ein vill hund ut i vegbana. Christiansen fortel at han ikkje såg nokon annan moglegheit enn å svinge unna i relativt stor hastigheit.

– Da gjekk eg rett i bakken og føyk langs vegen. Eg skrapa jo opp heile kroppen. Hunden slapp jo unna, så eg ofra vel på mange måtar meg sjølv for hunden.

Da hamna han på sjukehuset på øya der han måtte bandasjerast og få både antibiotika og smertelindrande tablettar.

– Dagen etter det byrja eg å kjenne meg skikkeleg, skikkeleg uggen. Eg har aldri kjent meg så dårleg før. Både kropp og mage var dårleg. Eg måtte vere på hotellrommet heile tida.

Johan-Sebastian Christiansen

BEHANDLING: Christiansen fekk behandling på sjukehuset på Nauru for skadane etter trafikkulykka.

Foto: Privat

Trakk seg frå EM

Difor vart au flyreisa frå Nauru til Fiji utsett nokre dagar. Men sjølv om han kom seg til Fiji, der han skulle halde fram med sjakkturneen sin, så vart han ikkje betre.

Christiansen fortel at han vart liggjande på hotellrommet på Fiji i over ei veke utan å få gjort nokon ting.

– Eg vart aldri betre, heilt øydelagd var eg, seier Christiansen.

Men han måtte kome seg til Europa att. For snart var det Europameisterskapen for klubb-lag i Albania.

Sjakkprofilen kom seg attende til Europa, og etter eit par dagar i Noreg, så reiste han til Albania for å vere med å spele om EM-gull med klubblaget Offerspill.

– Eg vant mitt fyrste parti, måtte stå over det andre, men så greidde eg å spele det tredje att og vant det også, fortel Christiansen.

Men da var det slutt. Han måtte kaste inn sjakkbrikkene og trekkje seg frå laget som seinare tok EM-gullet i turneringa.

Johan-Sebastian Christiansen har også tidlegare hatt sjukdomstrøbbel:

Svaret

Da han oppsøkte helsevesenet heime i Noreg fekk han raskt svaret på kvifor han hadde kjent seg så forferdeleg dei siste vekene.

Johan-Sebastian Christiansen

VM-KLAR: Johan-Sebastian Christiansen møter NRK før VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

– Eg trudde jo det var tablettane eg hadde fått på det vesle «feltsjukehuset» på Nauru som hadde gjort meg galen.

Men svaret var noko enklare: Christiansen hadde fått salmonella etter fiskefesten på Nauru tre veker tidlegare.

– Det er jo ein forferdeleg oppleving der og da, men artig no sett i ettertid. No er eg heldigvis i OK form att, seier Christiansen.

Sportsnyheter

Veronica Kristiansen og Ida Alstad

Meiner dette antrekket er kvinnefiendtleg: – Det er flautt og pinleg

Veronica Kristiansen må spele i kvit shorts mot si vilje i klubbhandballen. No krev landslaga i Skandinavia ei regelendring før VM.

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

Siste nytt

  • Tiltalt eliteseriespiller står frem: – Jeg vil beklage

    Til Hamar Arbeiderblad forteller HamKam-spiller Eron Gojani (18) for første gang om saken han er tiltalt i.

    En mann Gojani har kjent siden barndommen er tiltalt for drapsforsøk etter å ha knivstukket en 16-åring i begynnelsen av mai i år.

    Gojani er sammen med fem andre tiltalt for medvirkning til kroppsskade.

    Påtalemyndigheten mener Gojani oppfordret til volden mot fornærmede på meldingsutvekslinger med hovedtiltalte.

    Ingen av de tiltalte erkjenner straffskyld.

    – Jeg er egentlig ikke en del av et sånt miljø. Jeg vil beklage det som har skjedd og legge meg flat, sier Gojani til avisen.

    Statsadvokat Christer Gangsø har lagt ned påstand om 88 timers samfunnsstraff for HamKam-spilleren.

    Dommen er ventet å komme 28. oktober.

  • Norsk kjempetalent klar for gigantlag i sykkelsporten: – Drømmen går i oppfyllelse

    Sykkeltalentet Embret Svestad-Bårdseng har signert for det britiske storlaget Ineos Grenadiers på en treårskontrakt. Der får han Kurt Asle Arvesen som sjef.

    Ineos Grenadiers bekrefter signeringen av Svestad-Bårdseng mandag.

    23-åringen har i lengre tid vært beskrevet som et av Norges aller mest lovende klatretalenter. Det har dem ikke vært all verdens mange av.

    Denne sesongen har han fått sjansen på World Tour-nivå i sykkelsporten for Arkea B & B Hotels. Det franske laget legger imidlertid ned driften foran 2026-sesongen som følge av pengemangel.

    Svestad-Bårdseng fikk debuten i et treukersritt under årets Giro d'Italia. Der viste han seg fram ved flere anledninger. Videre kjørte han sterkt både under Volta a Catalunya og Tour de Pologne.

    – Jeg er utrolig spent på å bli del av Ineos Grenadiers. Dette er et stort og veldig spennende steg i karrieren min. Jeg vokste opp med å se dette laget dominere Grand Tours i fjellene, og har alltid drømt om å en dag bli en del av det. Nå føles det som om drømmen går i oppfyllelse, sier 23-åringen. (NTB)

    Embret Svestad-Bårdseng
    Foto: Jerome Delay / AP / NTB
  • Potter ansatt som svensk landslagssjef: – Utrolig inspirert

    Engelskmannen Graham Potter (50) erstatter Jon Dahl Tomasson som sjef for Sveriges landslag i fotball.

    Det opplyser Sveriges Fotballforbund.

    – Jeg er svært ydmyk overfor oppdraget, men også utrolig inspirert. Sverige har fantastiske spillere som ukentlig leverer i verdens beste ligaer. Jobben min blir å skape forutsetninger slik at vi som lag leverer på høyeste nivå for å ta Sverige til VM neste sommer, sier Potter.

    Sverige står med bare ett poeng på fire kamper og må gjennom playoff neste vår i jakten på VM-billett.

    Potter ble tidligere i høst fjernet som West Ham-manager i Premier League. Etter at Tomasson mistet Sverige-jobben, lanserte Potter seg selv som erstatter.

    – Jeg har følelser for Sverige. Jeg elsker landet, og jeg elsker svensk fotball. Jeg har mye å være takknemlig for overfor svensk fotball. Så ja, det ville vært en fantastisk mulighet for meg, sa Potter til Fotbollskanalen.

    Nå er det klart.

    Det var i Sverige at Potter fikk et trenernavn. Han ledet Östersund til et uventet cupgull og tok senere laget langt i europaligaen. (NTB)

    Thumbnail for 'FILE: Graham Potter in talks to be new West Ham United manager - media reports'
    Foto: Thomson Reuters (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

Sendeplan

Kl. Program Kanal