Hopp til innhold

Byter leverandør av pasienttransport

Det nystarta selskapet Pasienttransport1 har bedt Helse Midt-Noreg om å få trekke seg frå kontrakten om sjuketransport på Søre Sunnmøre. Det kjem fram i eit brev frå Helse Midt-Noreg, skriv Sunnmørsposten.

Persontransport1 skulle køyre pasienttransport frå 1. juni men kom ikkje i drift. Fram til no har den tidlegare leverandøren køyrt. Herøy Taxi får pasienttransporten i to år, med opsjon for to nye år, opplyser dagleg leiar Per Morten Bjørlykke til avisa.

Helse Midt-Noreg opplyser til NRK at Pasientransport1 også har trekt seg frå kontrakten på Nordmøre og i Romsdal. I dei områda er det Nordvest Taxi AS som tek over tenesta. Kontraktane som Pasienttransport1 opphavleg vann anbodet på hadde ein verdi på over 300 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL